Masteroppgåve i humanistisk pedagogikk

Feltet pedagogikk inneheld mellom anna disiplinane historie og filosofi. Eg kan rettleie studentar som ønskjer å skrive innanfor desse to fagfelta og som ønsker å skrive ein meir teoretisk master.

Dette er krevjande fagfelt der det blir forventa at du leser mykje og at du ser at historisk og teoretisk kunnskap er viktig for skulen. Tema må gjerne vere kopla til bestemte fag eller innhald i skulen og må gjerne innehalde erfaringar frå skulen.

Viktige tema er etikk, pedagogisk grunnsyn, menneskesyn, idéhistorie, skulehistorie og politisk innhald i skulen

Døme på innhald

  • Det kan handle om å klargjere eit skulefagleg tema eller et abstrakt fenomen både i en historisk- og/eller samtidskontekst (Eks: Kva er ein elev? Korleis har ideen «det å tenke selv» forandra seg frå 1968 til i dag? Korleis har klasserommets arkitektur forandre seg gjennom historia?)
  • Det kan handle om å få fram kunnskap eller sanningar som er verdt å ta vare på innanfor skulen (Eks: Kva har mot å seie for det å vere lærar? Har barn ein eksistensiell affinitet?)
  • Det kan handle om å trekke ut essensar av bestemte tema eller fenomen som kan knytast til skulen (kva er eit moralsk menneske? Kva er munnleg ferdighet?)
  • Det kan handle om å samanlikne eller å kritisere ulike teoretiske posisjon eller abstrakte fenomen (Eks: Kva er samanhengen mellom behaviorisme og vurdering for læring? Kva er samanhengen mellom den sokratiske jordmorkunsten og Piaget sin teori om læring? Kva er forskjellen på Rousseau sitt menneskesyn og Vygotsky sitt?)
  • Det kan handle om å vekke til live en teoretisk posisjon eller et abstrakt fenomen (Kva er grunnelementa i Carl Rogers elevsentrerte pedagogikk? Kva er det Gert Biesta meiner er alternativet til learnification?)
  • Det kan handle om politisk eller sosial maktdrøfting i et framtidsperspektiv? (Eks: Kva er det som gjer at ideen om toleranse i verste fall kan føre til eit meir totalitært samfunn? Kva er eit godt liv? Korleis kan global kulturpåverknad føre til et redusert mangfald i skolen? Kva skal vi gjere for å unngå at det moderne menneske blir eit middel for nasjonens økonomi?)

Ei slik masteroppgåve har enkelte sjangerkrav som du må vise gjennom heile arbeidet:

  • Du må vise kva for teoretisk debatt du vil delta i og kva for posisjon du tar i denne debatten.
  • Du må tørre å ta risikoen med å meine noko.
  • Du må skrive etterretteleg. Gjennom heile teksten må du vere klar og nøye med å vise kjelder og argumentere logisk og koherent for å grunngje påstandar og innhald.

Det er tekstens innhald som avgjer tekstens autoritet, ikkje kven som har ført pennen eller kva for metode som er brukt.

Aktuelle fag

Pedagogikk

Kontaktperson(er)

Interesserte studentar kan kontakte Knut Ove Æsøy (koas@oslomet.no) innan 29. september 2022.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.