Hopp til innholdet
Home » Samarbeidende prosjekter

Samarbeidende prosjekter

Samarbeidende prosjekter

For å kunne belyse flere sider av den skogfinske kulturarven og spesielt skogfinsk tekstilarv, har vi sammen med andre søkt og fått midler til flere mindre prosjekter. Disse finner du nedenfor.

Dei gøymde kleda

Prosjekta nedanfor er delprosjekt av ein større heilskap, Dei Gøymde Kleda.

Prosjektleiar Vårhild Bakker Berntzen skriv:

Dei gøymde kleda byrja med avgangskolleksjonen min «Myö oomme.» ved Kunsthøgskolen, der eg leita fram leietrådar av skogfinsk kledearv til inspirasjon. No er eg i gong med to delprosjekt som byggjer vidare på dette arbeidet: Skogfinsk kledearv som er retta mot fortida og Skogfinsk identitet i klede som tek føre seg kunstnarisk dokumentasjon av notida.

Skogfinsk kledearv

Prosjektet Skogfinsk kledearv tek for seg dokumentasjon og vidareføring av materielle og immaterielle aspekt av skogfinsk kledearv gjennom arkivsøk, innsamling og kartlegging av material frå aktuelle museum og tradisjonsberarar. Målsetjinga med prosjektet er å fylle eit kunnskapshol i den skogfinske historia ved å bidra til å bevare og utvikle kunnskap om klede og handverksteknikkar i skogfinsk samanheng, og ta for seg både dei materielle og immaterielle delane av kledearven som strekk seg frå historiske fysiske plagg og kroppsnært utstyr til skikkar, vanar og tankar rundt klede.

Det er auka engasjement og interesse for kunnskap om skogfinsk kledetradisjon blant handverkarar og historieinteresserte både på amatørnivå og profesjonelt. Kjeldesituasjonen er utfordrande, og litteratur manglar. Gjennom ein konferanse på Finnskogen, samt gjennom dialog med frivillige lag og samarbeidspartnarar, vil personar med interesse for feltet samlast og starte med å pusle saman bitar av historia og dokumentere metodar for vidare arbeid med skogfinsk kledearv. Konferansen vil bli dokumentert og resultata tilgjengeleggjort.

Dokumentasjon og vidareføring av skogfinske handverksteknikkar har vore konsentrert om neverfletting, og andre moglege teknikkar har kome i bakgrunnen. Vi søkjer å utvide forståinga av skogfiske handverksteknikkar for kledning. Er det noko som er oversett? Mange teknikkar er felles for store geografiske område og brukt gjennom historia, slik som plantefarging, brikkevev, framstilling av lin osv. Vi veit lite om kva teknikkar som har vore brukt, og om dei har vore brukt annleis enn i dei norske og svenske bygdene rundt. Der vi finn relevante tradisjonsberarar vil vi i størst mogleg grad lære av dei og samstundes dokumentere kunnskapsoverføringa.

Prosjektet samarbeider med forskingsprosjektet Grønt Blod, og har også støtte frå samarbeidspartnarar i Norsk skogfinsk museum, Norsk Folkemuseum, Unge Skogfinner i Norge, Skogfinske Interesser i Norge, Finnskogen Natur & Kulturpark, Fibershed Norge og Riksscenen. Alt materiale som blir samla inn eller dokumentert (i form av bilde, lyd, skrift eller som gjenstandar) vil bli gjeve til Norsk Skogfinsk Museum.

Prosjektet er støttet av Kulturådet, fra utlysningen: Prosjektstøtte kulturvern med 225 000 kr og vil gjennomføres i 2026.

Skogfinsk identitet i klede

Prosjektet Skogfinsk identitet i klede har som målsetjing å dokumentere skogfinsk identitet knytt til tekstil gjennom levande menneske og kultur som til dømes i stadnamn, attgløymde/gøymde klede og portrett av klede til nolevande skogfinnar. Prosjektet søkjer å inspirere fleire til å sjå nolevande skogfinnar som nokon som framleis er, i staden for noko historisk. Prosjektet har som målsetjing å undersøkje samanhengen mellom menneske, natur og klede på tvers av tid, i eit forsøk på å gjera avstanden mellom historisk og levande kultur mindre. Dette blir gjort gjennom kunstnarisk dokumentasjonsarbeid i form av film, foto og teikning som skal lyfte fram ein bortgøymt del av arven som det framleis er mogleg å dokumentere frå samtida for framtida. Motivasjonen bak arbeidet er å auke synlegheit og representasjon av skogfinsk identitet i samfunnet og i den norske kunstscena, samt å bidra til vidareutvikling skogfinsk kulturarv gjennom kunsten. Dokumentasjonen vil gå føre seg gjennom to portrettseriar, ein med kolteikningar av klede som tilhøyrar nolevande skogfinnar, og ein med foto. Nokre av fotoa vil dokumentere landskap med stadnamn knytt til tekstilhandverk. Andre foto vil vera av attgløymde og gøymde klede tilknytt skogfinske bustader på Finnskogen. Arbeida vil ta del i ei utstilling på Finnskogen i 2027.Skogfinsk kledearv er i liten grad ivareteke, og behovet er sterkt for tekstile identitetsuttrykk med historiske røter, som òg samsvarar med skogfinsk kvardag i dag. På sikt er målet å skape klede gjennom vidareutviklinga av kolleksjonen Myö oomme, som med ulike delprosjekt går inn i fortida av skogfinsk kledearv. Prosjektet Skogfinsk identitet i klede på si side, sikrar dokumentasjon frå notida gjennom stadnamn, attgløymde klede i forfalne hus og portrett av kleda til nolevande skogfinnar.

Sammarbeidspartnere
  • Skogfinske Interesser i Norge
  • Norsk skogfinsk museum
  • Sveinung Eide Hansen
  • Stine Marie Korfur
  • Sanna Auramo Paaer
  • Ingun Grimstad Klepp
  • Finnskogutstillinga 2027
  • Tuula Eskeland

Prosjektet er støttet av Kulturdirektoratet: Prosjekttilskudd til nasjonale minoriteter med 200 000 kr og vil gå over 2026 og 2027.

På sporet av skogfinske bekledningspraksiser

Institutt for estetiske fag har fått midler fra Kulturdirektoratet til å gjøre et prosjekt i samarbeid med SIFO og klesdesigner Vårhild Bakke Berntzen. Gjennom minnesamtaler med folk i skogfinske områder kartlegges bekledningspraksiser bakover i generasjonene. Fortellingene skal etablere et mer informert blikk i analyse av foto, gjenstander og tekster i private og offentlige samlinger – de åpner for å bevare tapte detaljer i skogfinsk kulturarv. I prosjektet vil vi gjøre en ny reise for å dokumentere minnene som er i ferd med å forsvinne, og systematisere minnene som allerede skrevet ned og bevart i museumsarkiver, bøker og kulturelle uttrykk. Med dokumentasjon av bekledningspraksiser i bred betydning vil prosjektet kunne bidra med ny forståelse for hvordan vi kan redusere press på naturen ved å lære av tidligere generasjoners levemåter.

I prosjektet skal også reisen til et skap som har gått i arv fra finnetorp til finnetorp gjentas. Langs veien skal vi plukke vekster og plantefarge broderigarn med ull fra Finnskogen. Garnet, skapet og fortellingene skal få bli med på Oslotur og bli utgangspunkt for et skapende verksted med motestudenter og lærerstudenter ved Institutt for estetiske fag.

Sentrale spørsmål i utviklingen av de skapende verkstedene vil være hvilke etiske utfordringer som kan oppstå, og hvordan vi kan integrere kritisk refleksjon om appropriasjon, eierskap, representasjon og marginalisering når en lærer av tidligere generasjoner og bygger videre på en kulturarv fra en nasjonal minoritet. Hva slags bidrag til et fagdidaktisk språk om undervisning i kulturarv kan utvikles gjennom skapende verksteder for motestudenter og lærerstudenter med materiale fra de skogfinske områdene?   

Prosjektet utvider det NFR-støttede forskningsprosjektet Grønt Blod med to nye arbeidspakker:

  • Arbeidspakke 1: Bekledningspraksiser i skogfinske områder.
  • Arbeidspakke 2: Utvikle skapende verksteder og fagdidaktisk språk for undervisning

Prosjektet har oppstart i januar 2027.

Har du skogfinske røtter – og en fortelling å dele med oss?

Alt er interessant for oss, kanskje du har:

  1. fortellinger om klær, sko og kroppsnært tilbehør som har hatt praktisk eller dekorativ funksjon
  2. fortellinger om hvilke materialer som ble brukt, og hvordan noe ble laget
  3. fortellinger om klær som ble brukt ved ulike anledninger som til hverdags og fest, eller til ulike årstider og til ulike arbeid

Det kan være noe du selv husker, eller noe du har blitt fortalt. Vi ønsker å bidra til å ta vare på de små detaljene – det er jo detaljene som er kulturen. Kanskje du sitter på en nøkkel til å lese fotografier, tekster og gjenstander med et nytt blikk?

Ta kontakt med prosjektleder Eva Lutnæs, evalu@oslomet.no for mer informasjon