Vegen vidare

Mange av våre tekstar og kronikkar har handla om det som er problema og som vi må fjerne frå skulen. I denne teksten prøver vi å vise vegen vidare og ikkje minst kva for sentrering vi bør ha i skulen. Vi ønskjer ikkje ei elevsentrering av typen dei kompetansane elevane skal sitte att med etter avslutta skulegang (dette er vel heller ikkje eigentleg ei elevsentrering). Vi ønskjer ikkje ei lærarsentrering av typen her er det eg som er i sentrum og vi ønskjer ikkje ei fagsentrering der elevane skal lære fakta og omgrep frå ei fagverd aleine. Vår løysing er «en pedagogikk som tar vare på triaden mellom lærer, elev og fagverden, og som setter elevenes relasjon til det faglige innholdet i sentrum for undervisningen».

https://www.utdanningsnytt.no/didaktikk-erik-ryen-havard-friis-nilsen/veien-videre-i-laereplandebatten/461651?fbclid=IwY2xjawOBmiVleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETF4cWxZeFAzTFlZeThSa01mc3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHlUtwlnE-Bdhf5IHXHN3incSkiiUoeQvznxPjzUchDWL8A1wmA_JAxpsEgOF_aem__CeH3u9FZWcw2tNKtcJ3YwXHN3incSkiiUoeQvznxPjzUchDWL8A1wmA_JAxpsEgOF_aem__CeH3u9FZWcw2tNKtcJ3Yw

Innholdslister eller ny læreplan?

Ein del av debatten handler om at vi skal beholde dagens målstyrande læreplan, men at vi i tillegg skal ha innholdslister for å hjelpe læraren eller om vi faktisk skal tenke annleis om korleis vi strukturerer ein læreplan eller ein fagplan

https://www.utdanningsnytt.no/erik-ryen-havard-friis-nilsen-kari-nessa-nordtun/innholdslister-er-ikke-nok/450848

Kva måler PISA?

21. Oktober 2024 var eg på Scene Domus Bibliotheca og hørte om korleis testing av elevane har forma norsk skule. Der sa ein forskar frå UiO, Rolf Vegard Olsen at nasjonale testar har ingen eller svært liten klinisk effekt. Testane gav forskarar kunnskap om norsk skule, men læraren får i realiteten ingen kunnskap om eleven som kan hjelpe læraren når han skal planlegge vidare undervisning. Eg fekk ikkje tak i korleis han hadde fått denne innsikten, men eg trur det er rett. Det betyr at standardiserte prøver som skal mål ein kvar elev sine evner ikkje kan brukast til tilpassa opplæring, eller undervegsvurdering slik direktoratet hevdar. I staden for uttrykker desse prøvene generelle depresise kognitive evner slik Kim Helsvig viser i sin tekst. Eg har henta han frå Utdanningsnytt, men han stod opprinneleg på trykk i Dag og Tid.

https://www.utdanningsnytt.no/pisa-skoleutvikling/kva-maler-pisa-eigentleg/457833?fbclid=IwY2xjawNaEaxleHRuA2FlbQIxMQABHlq-4GO2-A9NGBShBQu3crWlNyUS-sQZltt2WDaE0BfhkVjK0YLCvPGeUlUl_aem_TYUh8-NUfGkv0w7RsbcO-A

Kulturmøter gjennom litteratur

Ruth Seierstad Stokke skriver i Klassekampen om Norsk som kulturfag. I denne vakre teksten viser ho hvordan elever kan lære å kjenne litteratur i dybden og ikke bare kunne litt om enkeltverk. Men våger læreren å bruke tid på dette i en skole der elevene skal lærere effektivt. Ruth skriver: «Kampen norsklærere står i, handler om å gi elevene tro på at litteratur er verdt å bruke krefter på».

Et kulturmøte krev valg av litteratur som er av betydning for det å være menneskelig. Et grunnspørsmål her er hvilke verk skal vi legge vekt på i skolen. Her kommer Ruth inn på spørsmålet om kulturkanon og viktigheten av å lytte til hvilke litteratur yngre generasjoner interesserer seg for, og å unngå å tenke nasjonal kanon, men å velge litteratur som sprenger geografiske grenser. Det handler om å gi enkelteleven evne til å våge å tenke med den menneskelige forstand.

God lesning:

https://klassekampen.no/artikkel/2025-10-06/ga-inn-i-din-tid/XcSF?fbclid=IwY2xjawNQU8dleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETF4cWxZeFAzTFlZeThSa01mAR6dVEUKnnOeaOaOtuvi5ef5G5yHFscSqtRsjnOnYrVguCtDvmds1sPbzayLjA_aem_t_RxmBGbgrX3qdeJQlJDTQ

På lag med lektorlaget

I dag er alle nyutdanna lærere lektorer. Norsk Lektorlag er ein sentral organisasjon for lærarane både i grunnskulen og vidaregåande skule. I siste nummer av deira avis er det to sentrale artiklar om vårt arbeid med å endre læreplanen. Kim Helsvig er intervjua i denne artikkelen som fortel kva vi har gjort og kva for betydning arbeidet vårt hadde. https://www.lektorbladet.no/artikler/kritikken-vokser-mot-ulne-laereplaner/102698?fbclid=IwY2xjawMJKBBleHRuA2FlbQIxMQABHv5nhbMkbN5hVpg0j21LVmb8jO7ZGh_DbwEdn8XZ0HQV1u_o4rjZEdBHiz83_aem_7mdccIw1UEFyRnMqMK7C2w

I den andre artikkelen argumenterer Einar Gustavsson svært godt i samsvar med vår posisjon. Han har førstehandserfaring med dagens læreplan og kjenner kor skoen trykker: https://www.lektorbladet.no/debatt/kunnskapsmalene-i-laereplanen-er-fa-og-diffuse/102303

Partiet Høyre har snudd

Det lignet på et gjennombrudd på Dagsrevyen i går. Reportasjen handlet om matematikk, men det ser nå ut til at både Høyre og Ap vil ta ansvar for å endre de kompetansemålsbaserte læreplanene. Høyres nestleder Tina Bru sier at «det er verdt å se på disse læreplanene på ny, se på kompetansemålene på ny, tenke at vi kanskje i større grad skal måle kunnskap enn kompetanse». Nessa Nordtun er enig, «læreplanene som de bestemte fungerer ikke optimalt», og hun er «i ferd med å rydde opp». Fra 16.40 Dagsrevyen – NRK TV (se også vedlagt klipp).

Kontrasten til hvordan Sanner presenterte læreplanene da de kom i 2019 er stor. Han trakk frem akkurat de tingene Bru kritiserte som noe som skulle gjøre skolen mer praktisk og relevant.

Kanondebatten

Vår offentlige diskusjon i vinter har bevegd seg i retning av spørsmålet om kanon. Professor Jonas Bakken på ILS svarer våre 7 myter: «Det mest problematiske med OsloMet-forskernes diagnose, hvis den skal fungere som premiss for videre læreplandebatt, er at den overser det viktigste symptomet. Det fundamentalt nye med Kunnskapsløftet i 2006 var at norsk skole for første gang skulle styres etter en målstyringslogikk.» https://klassekampen.no/artikkel/2025-03-07/debatt-feilslatt-myteknusing-om-laereplanen/3WG3

Vårt svar til Bakken handler først og fremst om at vi allerede har påpekt hans innvendinger tidligere i debatten. Det å styre på utfallet av skolen i stedet for det som skolen skal handle om, det er jo det virkelige problemet med dagens læreplan som et styringsverktøy. Men skal vi styre på det skolen handler om er det umulig å ikke tenke kanon. https://klassekampen.no/artikkel/2025-03-13/debatt-vi-har-oversett-hva-sa-du/355JZ

Frå Stortinget

Her er heile foredraget frå Stortinget. Foredraget forsøker seg på ein myteknusingsstrategi:

Myte 1: Påstanden om at alternativet til dagens læreplan er ein puggeskole

Dette er feil. Historisk har vi hatt læreplanar med innhald utan at dette var ein puggeskule. Rapporten om 6.årsrapporten viser at klasserommet var meir variert med mindre læringspress under R97, enn LK20. Dei som påstår at innhald fører til pugging blandar kva elevane skal lære og korleis dei skal lære det. Kva dei skal lære er innhaldet. Korleis læraren vel å leggje fram innhaldet er læringsaktiviteten. Det å pugge er ein læringsaktivitet på linje med andre aktivitetar som til dømes, medelevundervisning, story-line, song, høgtlesing, skodespel eller skrive for å lese. Om vi politisk bestemmer at elevane skal lære om dei første sivilisasjonane og kva som gjorde mennesket i stand til å danne samfunn, så er det framleis læraren som bestemmer korleis elevane skal oppleve og lære om Mesopotamia eller ein av dei andre tidlege sivilisasjonane. Her er det berre læraren sin kreativitet saman med didaktiske rammer som avgjer korleis læraren vel å lære elevane om dei prosessane som skal til for at menneske vel å putte kornet i jorda framfor i munnen. Med dagens læreplan er det langt i frå sikkert at elevane lærar noko om jordbruksrevolusjonen i det heile.

Dei som blandar kva elevane skal lære og korleis dette skal lærast kan ikkje ha vore lærar.

Myte 2: Det var stor semje om utforminga av dagens læreplan då den vart utarbeida.

Dette er feil. Det kom inn over 20.000 innspel i forkant av siste læreplan. Dei som var kritisk til utforming og ønskja meir faginnhald vart ikkje høyrd. Samtale med lærarar etter innføringa av LK06 viste det same. Ei undersøking i 2008 viste (Mausethagen 2015) at lærarane ville ha metodefridom men ikkje innhaldsfridom. Her er det sentralt å forstå at: Lærarane klaga på læreplanen i 1997 (R97) fordi den dikterte metodar for korleis undervisninga skulle gjennomførast og ikkje at læreplanen hadde eit faginnhald. Læreplanen i 1997 sa mellom anna kor mange prosent med prosjektarbeid læraren skulle gjennomføre.

Myte 3: Læreplanen Kunnskapsløftet var eit kunnskapsløft for norsk skule

Dette er feil. Allereie før planen var publisert påpeika Alfred Oftedal Telhaug at planen prioriterer åtferd og aktivitetar framfor kunnskap. Konsekvensen av innføringa av LK06 var at vi gjekk frå ein kunnskapsskule til ein gjereskule.

Myte 4: Dagens læreplan gjev større autonomi og tillit til læraren enn tidlegare læreplanar

Sjølv om dagens læreplan synes å vere svært open, legg den målstyringsføringar på læraren.  Dette styrer lærarens val av didaktiske metodar. Når læreplanen fortel kva for kompetansar elevane skal sitte att med etter avslutta undervisning, kjenner mange lærarar seg forplikta til å lage læringsaktiviteter som er tilpassa desse utbytta. Saman med denne metodetvangen finn vi vektlegging av såkalla evidensforsking med hensikt å effektivisere læringsutbyttet. To sentrale dømer er vurdering for læring og krav om at læraren skal fortelje elevane læringsmål for kvar økt. Desse læring går hand i hand med målstyringslogikken og dikterer læringsaktivitetar i klasserommet.

Undersøkingar viser at lærarar opplev redusert tillit og autonomi i klasserommet i dag samanlikna med tidlegare læreplanar. Lærarar kjende større autonomi i klasserommet og hadde større autoritet medan skulen hadde læreplanar med kunnskapsinnhald og læraren sin autoritet var knytt til fagkunnskap. Dei som trur at autonomien og tillit er større i dag, kan ikkje ha vore lærar under tidlegare læreplanar.

Myte 5: Klare læringsmål aukar læringsutbyttet i skulen

Denne myta er delvis sann. Det vil seie at under visse føresetnader og når det gjelder ein del grunnleggande åtferd kan det at lærar og elev saman einast om mål for eleven vere til hjelp for at eleven skal klare å oppnå dette. Men læringsmål fungerer ikkje om dette blir innført som ein standardisert metode for all undervisning og for alle typar kunnskap, og heller ikkje om elevane ikkje kjenner meining med måla.

Ideen vart innført som mal på mange skular i tida etter LK06. Læraren skulle finne eit mål i læreplanen, bryte det ned og fortelje dette til elevane og lage undervisning som gjorde at elevane klarte å nå målet. Undervegs skulle læraren systematisk vurdere kvar enkelt elev sin progresjon og gje formativ tilbakemelding undervegs. Metoden samsvarar med åtferdsteorien og ideen om å forme elevane ved hjelp av forsterkningsteknikkar for at dei skal bli det læreplanen på førehand har tenkt ut for leirklumpen.

Ideen er framleis gjeldande. I lovverket er det uttrykt at kompetansemåla i læreplanen skal formidlast til elevane. Desse skal vere målbare og læraren står ansvarleg (accountability) for å vurdere elevane i samsvar med kompetansemåla.

Myte 6: dagens læreplan «er tydelig på hva elevene skal lære».

Denne myta er rett i prinsippet, men ikkje i praksis. I prinsippet har læreplanen til hensikt å vektlegge målstyring og seier eksplisitt kva som skal være læringsutbyttet for den enkelte elev.

Problemet i praksis er at verba som elevane skal oppnå ikkje er tydelege. For å ta eit døme: Det å reflektere er uttrykt 215 gangar i læreplanen og går igjen i alle fag. Desse 215 læringsmåla er ikkje tydeleg på kva elevane skal lære noko om og mandatet som blei utarbeide for utforminga av læreplanen ønskja ikkje at dette skulle være klart og tydeleg. Lærarane skal ha innhaldsfridom og læreplanen har tillit til at lærarane har tid og ressursar til å gjere disse vala sjølve eller i team. Men nyutdanna lærarar slit med å velje innhald, mange vel standardiserte nettressursar og mange lærarar i dagens skule er ufaglærd. I så måte er læreplanen for ambisiøs og det er ikkje mogleg å vete kva elevane har lært om på tidlegare årstrinn.

I praksis gjer det ikkje meining å snakke om refleksjon, utforsking eller presentasjon utan å snakke om FAGINNHALDET elevane reflekterer over, utforskar eller presenterer.

Å snakke om refleksjon eller utforske som eit verb vi skal kunne måle er ikkje mogleg. Vi kan måle om ein elev kan lese eller gripe blyanten med pinsettgrepet, men vi kan ikkje måle refleksjon eller utforskartrong. Desse verba er ikkje tydelege og gjev ikkje meining utan å ha eit faginnhald som står i sentrum for det elevane skal lære.

Til ein viss grad kan vi lage ein målestokk for det å presentere fakta eller informasjon og det er mogleg å trene gjentakande på det å presentere. Dette kan gjere skulen informasjonstung, der elevar trenar seg på å finne og presentere stadig ny informasjon. Dette står i sterk kontrast til djupnelæring, der læraren sin fagkunnskap er vesentleg for at elevane skal kunne dykke djupt ned i eit faginnhald.

Viktig å presisere: Sjølv i fag som musikk og kunst & handverk skal elevane lære å reflekter eller samtale. Etter 7. årstrinn i K&H skal elevane samtale om bruk, funksjon og materialvalg i ulike bygninger og lage skisser med forslag til ny arkitektur.

Myte 7: Dagens kompetansemål utjamnar skilnadar mellom elevane

Dette er direkte feil. Dei siste 20 åra har skilnaden på elevane i skulen auka, og foreldra sin sosioøkonomiske status har fått meir å seie for kva elevane klarar. Læreplanmåla er retta inn mot ferdigheiter elevane må klare å tileigne seg sjølv ved trening. Læraren blir ein tilretteleggjar. Det er elevane som må gjere arbeidsinnsatsen, gjerne saman med hjelpande foreldre som må gje faginnhald til elevane sin presentasjonstrening. Umodne elevar utan foreldre som kan hjelpe til, får det vanskelegare når dei skal utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter i naturfag allereie på 2. årstrinn eller når musikk etter 7. årstrinn handlar om å reflektere over hvordan musikk kan spille ulike roller for utvikling av individer og gruppers identitet.

Det bør i større grad vere elevane sine talent og ikkje foreldra sine sosioøkonomiske ressursar som utgjer skilnadar mellom elevane i skulen. Dessverre er det få talent som er verdsett i skulen utover det å reflektere, utforske og presentere.

Myte 8: Det er ikkje læreplanen som styrer skulen, men vurderingsforma

Dette er til ein viss grad korrekt. Lærarar underviser for at elevane skal klare eksamen. Men de står i opplæringsforskrifta at vurderinga skal gjerast ut frå læreplanen og sjølv eksamen er forsøkt laga slik at det passar med læreplanen.

Under engelskeksamen i 2023 laga Udir eit eige dikt som skulle passe med kompetansemåla i læreplanen samstundes som innhaldet var heilt nøytralt og utan verdi for elevane sine svar. Elevane skulle målast på om dei fann dei 4 verkemidla som Udir hadde lagt inn i diktet og ikkje kva dei forstod og meinte om diktet.

Dette ser vi òg i undervegsvurderingar lærarar gjer i dagens skule. Eit reelt døme på tilbakemeldinga i vidaregåande samfunnsfag seier om eleven etter eit samfunnsfagpresentasjon:

Snakker godt og tydelig. Leser litt av presentasjonen, men også greit når det er litt fakta. Viser også god forståelse ved mandatfordelingen, fint. Tok all info om arbeiderpartiet og FRP. Bra. Savner noe mer refleksjon og drøfting, men får frem mer til slutt og på spørsmålene. Slide med egen ideologi fint at dere avslutter med det. Her får man refleksjon og ser flere sammenhenger, bra.

Vurderingen viser ein lærer som gjer jobben sin i samsvar med læreplan og opplæringsforskift. Læreren vurderer elevens evne til å presentere og reflektere. Problemet er at vurderinga seier lite om kva eleven fekk til fagleg ut over at mandatfordelinga var forstått. Kva refleksjonane handla OM eller KVA for fagleg djupne som manglar kjem ikkje fram. Eg gjentek frå tilbakemeldinga: «Savner noe mer refleksjon og drøfting, men får frem mer til slutt og på spørsmålene».

Det er ikkje så rart at det blir karakterinflasjon når elevane skal vurderast etter læringsmål utan fagkunnskap, men med vage kompetansar.

Hovudproblemet er at vurderinga ikkje handlar om eit faginnhald, men om eleven sjølv. Skule er ikkje lenger sentrert rundt elevens relasjon til verda, men elevens relasjon til sine eigne kompetansar. Vi kan altså seie at elevens kompetansar er blitt OBJEKTET for undervisninga og opplæringsforskrifta lovfestar at læraren skal VURDERE elevane etter kompetansemål. Noko som betyr at alle elevar skal sitte att med dei same eigenskapande etter avslutta skulegang.

Myte 9: Ein innhaldsorientert læreplan er ein ny fornorskingspolitikk der målet er at alle kan det same.

Til ein viss grad er det rett at målet med eit innhald er å danne fellesskapande referanserammer. Men slik referanseramme er ikkje spesielt norske. Mykje kunnskap er ikkje kulturelt tinga, men søker mot det universelle. Relasjonen mellom diameteren og omkrinsen av ein sirkel er alltid PI, uavhengig av storleiken på sirkelen eller i kva land sirkelen er konstruert. Mennesket delar den same biologien, moralen, fysikken, filosofien, matematikken og litteraturkategoriane uavhengig av dei geografiske røtene eller eit lands lovverk. Snarare er det slik at om vi fjernar høve for å tileigne seg kunnskap, ender vi i ein samfunnstilstand Hanna Arendt åtvara mot. Eit samfunn der offentleg meiningsdanning ikkje er mogleg, men alle kan konstruere sin eigen alternative kunnskap. Felles kunnskap er naudsynt for offentleg pluralisme og skaparkraft.

Myte 10: Det er ikkje læreplanen som styrer skulen, men pensumbøker.

Dette er ikkje ei motsetning. Det er ein samanheng mellom lærebøker og læreplan. Lærebøkene har til hensikt å tilpasse seg den eksisterande læreplanen. Fleire har snakke om dette. Eivor Oftestad skriv om KRLE faget i ein kronikk i jula. Ho skriv: «I boka «Store spørsmål 5-7» er det to sider om kristningen av Norge, og én side om reformasjonen. Det er faktisk umulig å skrive spennende og levende om så store tema på så liten plass, så teksten – og forståelsen elevene måtte få – er tilsvarende flat og uinteressant.» Knut Hoem forsøkte å løfte debatten om norskfaget i 2016 men vart avvist av forskarar som forsvara kompetansemålbasert læreplan (ja, dei finnes). Hans poeng var at norskbøkene bestod av avanserte, men tekniske spørsmål til elevane som hadde til hensikt å trene elevane i metakognisjon og læringsstrategiar, i staden for å gje elevane eit faginnhald og opne opp for ei litterær verd dei ikkje visste fantes.

Og sjølv om læreplanen diskrediterer fagverda, så er det lærebøker som har forsøkt å ta på alvor noko av den kritikken som har komme. Men den fagverda dei presenterer er på tross av og ikkje pga læreplanen.

Myte 11: det er ikkje læreplanen som styrer skulen, men teknologi og Apple

Igjen, dette er ikkje heilt feil, men det er ein samanheng mellom den kompetansemålbaserte læreplanen og teknologi. Utan internett og informasjonssamfunnet hadde vi aldri laga ein læreplan utan kunnskapsinnhald. Strengt tatt kan elevane berre mate refleksjonsspørsmål inn i ein kunstig informasjonsgenerator (nei, det er ikkje kunstig intelligens, snarare dumskap) og så kan dei presentere den overflatiske (feil)informasjonen som generatoren gjev dei. Internett har gjort informasjonstilfanget enorm og gitt rom for at elevane sjølve kan velje kva for innhald dei skal presenter. Som åtferdsteoretikaren Skinner påpeikar på 1950-tallet kan teknologien ta over for læraren når det kjem til å lære elevane noko. I staden for å vere lærar kan den vaksne vere ein emosjonell støtte for elevane. Som ein slags miljøarbeidar kan han gå rundt mellom datamaskinene og klappe elevane på skuldrane medan elevane utforskar, reflekterer og gjer seg klare til å presentere informasjon. Vi har allereie byrja å få teknologi som kan vurdere elevane sin læringsprosess og forsterke dei i arbeidet med å oppnå kompetanseutbyttet.

Myte 12: Vi må velje mellom ein kunnskapsskule og trivselskule

Dette er ikkje ei motsetning. Det er ein samanheng mellom kunnskap og elevane sin trivsel. Elevane ønsker å få ein relasjon til verden og dermed kunnskap om verden. Det elevar reagerer på er kjedeleg undervisning, mangel på variasjon i metodane og meiningsløyse. Undersøkingar viser at god undervisning om faginnhald gjev trivsel.

Lærarar som er engasjert i sitt fag og kan sitt faginnhold er motiverande for elevane. Faginnholdet skaper fellesskap i klasserommet. Faginnhaldet blir noko elevane kan samlast rundt og ta med seg ut i friminuttet eller i andre samanhengar. Elevane leiker fortellinga dei i fellesskap har høyrt av læraren. Dei deler tankar om det dei har lært og hjelper kvarandre med å forstå faginnhaldet. I mange klasserom skjer dette framleis, men det er snarare på tross av enn pga. læreplanen.

Til sist nokre avsluttande merknader til norsk skule i dag og den vegen vi kan søke mot?

Ei gammal fortelling handla om ein smed som forsøkte å bygg ei perfekt smie. Han kjøpte alt av utstyr som fantes. Han las seg opp på alle dei rette evidensmetodane. Ingen skulle finne manglar på ressursar i smie hans. Han hadde til og med tilsett assistentar for å effektivisere arbeidet og hyra konsulentar som kunne rapportere både om effektiviteten og kvaliteten i arbeidet. Han hadde klare malar for korleis jernet skal sjå ut etter produksjon, men framleis sleit han med å oppnå måla. Kvaliteten var låg og arbeidet tungt.

Ei ung jente kom forbi og stoppa overraskande opp. Ho prøvde å få kontakt, men dei hadde ikkje tid. Ho såg undrande på smeden som slo og slo på jernstykket for å forme det. Ho prøvde å få kontakt, men han hadde ikkje tid. Ho prøvar gong på gong, men smeden hadde ikkje tid. Han slo systematisk på jernet og høyrde ikkje at ho forsøker å forklare at han mangla eld.

Kan dette vere eit bilete på norsk skule i dag?

Har vi ein skule som skal forme elevane som jern, der OECD dikterer kva for skills jernet skal oppnå, men som ikkje verdset elden. Biletet viser korleis triangelet mellom smeden, jernet og elden har blitt til ein dyade mellom smeden og jernet.

Mi hovudinnvending mot dagens læreplan er at den manglar triangelet mellom læraren, elevane og kunnskapsverda. Den er redusert til ein dyade mellom lærar og elev, eller ein einsamveren for den enkelte elev. Vi har ein læreplan som uttrykker eit tankemønster som sentrerer undervisninga mot nokre vage elevkompetansar, men som i liten grad tek på alvor den sentrale relasjonen mellom eleven og verda, eller verda sin relasjon til eleven.

Mange lærarar har framleis eld i si undervisning, men det er på tross av læreplanen. For med dagens læreplan kan elevane drøfte cola eller pepsi snarare enn korleis eit godt fellesskap skal organiserast. Den beståande generasjonen manglar ei drøfting om kva for kunnskap som er av verdi for neste generasjon. Det er vår politiske oppgåve å vise kva for kunnskap fellesskapet verdsett?  Med dagens læreplan kan det sjå ut som om vi rett og slett ikkje set pris på kunnskap. Det er blitt eit vilkårleg middel for å oppnå kompetansar.

På Stortinget

På stortinget gjorde vi forsøk på å gje politikere eit språk for å motbevise ein del av dei mytene som vi stadig får høyre om læreplan og skule. I etterkant av møtet publiserte vi denne forkorta versjonen i Klassekampen:

https://klassekampen.no/artikkel/2025-03-07/debatt-feilslatt-myteknusing-om-laereplanen/3WG3?fbclid=IwY2xjawJ9pYJleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETFjdFV3Z0R2NlpzY2djWHBJAR5a2x8l-OTMhXeE9lhjkx_-3noKipaOwt-14FMKoH7qQj3pTaVao1RziuM7YQ_aem_6IYgDZmVhL-NVvZ5z8OrVA

Den nye skolepolitikkens historiske røtter

Av Merethe Roos, professor, USN og Kim Gunnar Helsvig, professor, Oslomet, hhv. leder og medlem av styringsgruppen i Utdanningshistorisk nettverk i Norge. Teksten er publisert i forkortet form i Aftenposten.

Det er betimelig å gi noen utdanningshistoriske perspektiver til det skolepolitiske ordskiftet som har pågått mellom Hilmar Mjelde og Tom Are Trippestad, professorer ved Høgskolen på Vestlandet, og Kristin Clemet, leder for Civita og tidligere utdanningsminister.

Det er godt dokumentert at OECD-tilnærmingen til skolefeltet, som fikk stor betydning for den norske skolen fra begynnelsen av 2000-tallet, har røtter i en amerikansk konservativ tradisjon, i overensstemmelse med hva Trippestad og Mjelde hevder. Røttene kan imidlertid trekkes lengre tilbake enn No Child Left Behind, som ble innført i det amerikanske skolesystemet i 2001/2002.

I 1983 slo Reagan-administrasjonens utdanningsrapport A Nation at Risk: The Imperative for Educational Reform an tonen i det som skulle bli gjennomgangsmelodien i den internasjonale samtalen om kunnskapssamfunnet – at skole- og utdanningssystemet måtte bli mer innrettet mot næringslivets behov for å sikre nasjonens økonomiske styrke og makt gjennom mer skole, satsing på grunnleggende ferdigheter og standardiserte tester og målinger. Under sterk innflytelse fra Reagans USA og Margaret Thatchers Storbritannia, rettet OECD gjennom 1980-årene oppmerksomheten mot fritt skolevalg, nye finansieringskilder, ansvarliggjøring, effektiv ressursbruk og prestasjonsbelønning for lærere. Fra 1990-årene ble OECDs innflytelse på skole- og utdanningspolitikken, både i og utenfor OECD-landene, stadig sterkere, ikke minst etter organisasjonens første PISA-undersøkelse i 2000.

Men OECD-linjen ble også omfavnet og videreutviklet av sentrum-venstre-politikere på begge sider av Atlanteren da man skulle finne en «tredje vei» mellom sosialisme og kapitalisme etter murens fall og Sovjetunionens oppløsning. Den demokratiske presidenten Bill Clinton konstaterte i 1994 at «what you earn depends on what you learn», og Tony Blair og New Labours vei mot økonomisk vekst og en bedre framtid for alle fra andre halvdel av 1990-årene gikk gjennom «utdanning, utdanning, utdanning». Utdanning var også kjernen i visjonen Blair og den tyske sosialdemokratiske forbundskansleren Gerhard Schröder i 1998 sammen utmeislet for et nyskapende og framtidsrettet, sosialdemokratisk Europa: «Moderniseringens viktigste oppgave er å investere i humankapital: å gjøre både individer og næringsliv rustet for framtidens kunnskapsbaserte økonomi»-

Det er dermed grunn til å plassere OECD-linjen i norsk skolepolitikk i en sammenheng som strekker seg utover en amerikansk konservativ tradisjon. OECD-linjen som inspirerte norske skolepolitikere fra begynnelsen av 2000-tallet var like mye en sosialdemokratisk som en konservativ skolepolitisk konstruksjon og ledestjerne.