
Tirill Bjørkeli Svaler har starta som ph.d.-stipendiat ved ABI. Ho skal jobba med eit prosjekt der ho ser på unge autistiske folkebibliotekbrukarar. Desse fell gjerne mellom fleire stolar, og Svaler vil sjå på korleis folkebiblioteka kan koma dei i møte.
Det er ikkje så godt kjend kva folkebibliotek gjer eller ikkje gjer for denne brukargruppa, og korleis folkebibliotek generelt framstår for unge autistar. Svaler vil kunna gje konkret kunnskap om dette, og dermed også legga til rette for gode tenester
Svaler var ganske nyleg masterstudent ved ABI, og jobba også då med tilsvarande problemstillingar. Det resulterte i artikkelen On making libraries and museums more accessible for autistic people, publisert i IFLA journal i 2023.