Bibliotekmøtet 2026

ABI kjem til å vera godt representert ved Bibliotekmøtet i Molde dette året. Det vert mogleg å snakka med oss og koma med innspel til forsking og utdanning. På programmet finn du oss her:

Instituttleiar Kim Tallerås vil delta i ein samtale om forbodne bøker onsdag 18. mars. Seinare på dagen er stipendiat Tirill Bjørkeli Svaler er ei av dei nye stemmene som vil halda eit innlegg. Ho vil snakka om korleis det er for autistar å bruka biblioteket.

Torsdag har Oslomet og ABI eit eige parallellseminar der me presenterer aktuell bibliotekforsking. Her vil professor Håkon Larsen presentera korleis folkebibliotek forheld seg til kulturkrigpress, for eksempel knytt til enkelttitlar eller til kontroversielle aktørar sin bruk av biblioteklokalet. Førsteamanuensis Åse Kristine Tveit vil snakka om leselyst i lesestrategiane, og korleis dette heng saman.

Heidi Kristin Olsen er ei av fleire som kjem til orde på avslutningsmøtet der tema er korleis biblioteka skal gå vidare.

Bibliotekekmøtet er også ein god arena der ABI-tilsette som driv med forsking og utdanning innanfor bibliotek- og informasjonsvitskap kan treffa bibliotekarar og bibliotekfolk i ein større samanheng. Det er nyttig for oss, og me trur jo at det er nyttig for bibliotekfeltet også.

Bibliotekmøtet er ein konferanse som Norsk bibliotekforening arrangerer annankvart år. Den samlar bibliotekarar og bibliotekfolk frå heile landet.

Skroll til toppen