Søk vidareutdanning ved ABI

Dersom du har planar om å søka utdanning eller vidareutdanning ved ABI, nærmar det seg søknadsfristen for mange av våre studieprogram: 15. april.

Bibliotek

Innanfor bibliotek- og informasjonsvitskap har me ei rekke nettbaserte emne du kan ta enkeltvis. Kvart emne er på ti studiepoeng. Du kan ta alle og få brei kompetanse innanfor biblitotek. Du kan også ta eitt eller nokre få, og få oppdatering på det du treng eller er interessert i. Alle emna er godt tilrettelagde for deltidsstudium. Du må ha ein bachelorgrad for å kunna søka. Emna er presentert her: https://www.oslomet.no/studier/studieoversikt?q=&education_type=10&institute=126

Instituttet har sjølvsagt også ei grunnutdanning for å bli bibliotekar: Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Dette er eit campusbasert fulltidsstudium. Det første året kan takast som eit eige årsstudium, og kan for eksempel vera aktuelt for studentar som har anna utdanning frå før.

Og som før kan du i tillegg ta ein mastergrad, sjå nedanfor.

Ei eiga side forklarer litt om kva ulike utdanningsvegar som finst for å koma inn og vidare kvalifisera seg i bibliotekbransjen. Den finn du her: https://www.oslomet.no/studier/sam/evu-sam/veier-jobb-bibliotek

Arkiv

På arkivfeltet har me eit årsstudium i dokumentasjonsforvalting for dei som har erfaring frå dokumentasjonsforvaltning og arkiv eller ønskjer å supplera eksisterande utdanning. Studiet er nettbasert og tilrettelagt for deltid. I løpet av to år blir du utforda på dei teoretiske, juridiske og teknologiske sidane av informasjon- og dokumentasjonsforvaltninga. Emna tilbys også som enkeltemnar, med seinare søknadsfrist, med forbehold om plass.

Også på arkivfeltet har me sjølvsagt også eit bachelorprogram i arkivvitskap. Dette er eit campusbasert fulltidsstudium. Det passar om du ikkje har høgare utdanning frå før, eller om du ønskjer ei fyldigare utdanning.

Master

Master i arkiv- bibliotek- og informasjonsfag gjer deg i stand til å forstå komplekse informasjonslandskap, utbikla bibliotek og kulturinstitusjonar, og bidra til kunnskapsproduksjon i offentleg forvalting og privat sektor. Det er nødvendig å ha ein bachelorgrad for å bli tatt opp på dette studieprogrammet, og det er krav om at du har studiepoeng innan arkiv- og dokumentasjonsfag. Du finn nærare informasjon om både studieprogrammet og opptakskrava her: https://www.oslomet.no/studier/sam/bibliotek-informasjonsvitenskap-master.

Skroll til toppen