Høstsemesteret er i gang og studentane er igjen på plass. I starten yrar det av folk på campus.

Leseseminar
Eit nytt innslag i år er eit felles leseseminar for alle studentar på begge bachelorogramma ved instiuttet. Knut Oterholm hadde først ei førelesing der han snakka om lesing og lesekrise. Etterpå fekk alle ei novelle på papir og sat roleg og las denne. Me lærer studentane mykje om og med teknologi, men på leseseminar skal alle slike dingsar leggast vekk, då er det berre papir som gjeld. Novella som vart vald, var Babels bibliotek av Jorge Luis Borges. Den har noko ved seg som kan relaterast både til arkiv- og bibliotekfeltet.
Studentane fekk tilbod om slike leseseminar i vårsemesteret, og dei får tilsvarande tilbod utover hausten. Formålet er å hjelpa dei å jobba med eigne studier. For studentane på bibliotek- og informasjonsvitskap er leseseminara også ei erfaring dei kan ta med seg i framtidig arbeid med litteraturformidling.

Nye studentar
Instituttet har omtrent like mange studentar som dei siste åra. Oppmøtet fordelt på studieprogram:
- Bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap: 152
- Årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitskap: 21
- Bachelorgrad i arkivvitskap: 63
- Årsstudium i dokumentasjonsforvaltning: 63
- Enkeltemne Dokumentasjonsforvaltning i teori og praksis: 9
- Master i arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitskap, heiltid: 26
- Master i arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitskap, deltid: 26
I tillegg til desse studieprogramma kjem vidareutdanningstilboda. Dei er ikkje heilt i gang enno.