Studiestart

Fleire studium har starta opp denne veka, med nye studentar.

Velkomstsermoni mellom OsloMet sine bygg i Pilestredet. På scenen kan ein skimta rektor Christen Krogh. Det er mange nye studentar som står og ser mot scenen.
Velkomstsermoni mellom OsloMet sine bygg i Pilestredet.

Masterstudiet

54 glade og forventningsfulle masterstudentar møtte opp på det nye masterprogrammet i arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitskap.  31 av desse skal studera på heiltid, 23 på deltid. 

Programansvarleg for masteprogrammet Pia Borlund ønskja velkomen og presenterte strukturen for det nye masterprogrammet kva fagleg fordjuping som er mogleg. Programet har fleire emne enn før, både obligatoriske og valfrie. Emna er no på 10 studiepoeng, mot 15 på det gamle masterstudiet. Pia framheva også at det er nytt at kandidatane skal avslutta masteroppgåva med eit munnleg forsvar. Ho understreka det viktige i at studentane i alle emne fram mot masteroppgåva grip alle sjansar for å øva på å presentera munnleg. Så er det også slik at masteroppgåveemnet som før er bygd opp med fleire seminar der munnleg presentasjon og opponering er viktig.

Institutleiar Kim Tallerås var også til stades og ønskja studentane gode og lærerike år på masterprogrammet.

Mange av studentane kjem direkte frå dei to bachelorprogramma ved ABI, i høvesvis arkivvitskap og bibliotek- og informasjonsvitskap. Men det er også fleire av dei nye kandidatane som har erfaring frå jobb og slik kjem med aktueller faglege utfordringar frå akriv- og biblioteksfeltet.

Bachelorstudia

bachelor– og årsstudiet i bibliotek- og informasjonsvitskap møtte 124 studentar opp første dag. På bachelorstudiet i arkivvitenskap møtte 54 studentar.

På bildet øvst i dette innlegget står studentar ved ABI saman med andre studentar på Fakultet for samfunnsvitskap og resten av OsloMet. Ser du nøye etter, er det rektor Christen Krogh som står på scena.

Skroll til toppen