Uteksaminerte bachelorstudentar

Årets avgangsstudentar frå bachelorprogramma i både arkivvitskap og bibliotek- og informasjonsvitskap har levert sine siste oppgåver og eksamenar. Dei vart takka av i ein høgtideleg seremoni tidleg denne sommaren. Både dekanen ved Fakultet for samfunnsvitskap, Oddgeir Osland, instituttleiar ved ABI, Kim Tallerås og studentrepresentantar frå begge studieprogram hadde helsingar kandidatane.

I år har me uteksaminert om lag 80 bibliotekarar og 20 arkivarar. Nokre av dei har søkt opptak på master, men mange skal ut i jobbar i arkiv og bibliotek. Ta godt imot dei!

Årets uteksaminerte kandidatar med bachelorgrad i arkivvitskap og musikarar frå Lørenskog blåseensemble. Foto: Marit Kristine Ådland

Årets uteksaminerte kandidatar med bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap saman med Lørenskog blåseensemble. Foto: Marit Kristine Ådland

Skroll til toppen