Kategorier
Historie

Oppturar og nedturar for høgskoleøkonomien

Etter høgskolereforma i 1994 fekk høgskolane ein svært vanskeleg start på grunn av økonomiske innstrammingar. Studentprotestane hausten 1994 har ein ikkje sett maken til seinare. Ved Høgskolen i Oslo måtte det i 1995 settast i verk omfattande tiltak for å få redusert kostnaden per student med om lag 10%. Samtidig med denne innstramminga blei høgskolane […]

Foto: Kjersti Lassen
Foto: Kjersti Lassen

Etter høgskolereforma i 1994 fekk høgskolane ein svært vanskeleg start på grunn av økonomiske innstrammingar. Studentprotestane hausten 1994 har ein ikkje sett maken til seinare. Ved Høgskolen i Oslo måtte det i 1995 settast i verk omfattande tiltak for å få redusert kostnaden per student med om lag 10%. Samtidig med denne innstramminga blei høgskolane tilført store ressursar i samband med auke av nye studieplassar.

På 2000-talet kom kvalitetsreforma med ekstra midlar til å gi studentane eit kvalitativt betre studietilbod. Det blei innført nytt finansieringssystem som medverka til auka produksjon av studiepoeng og forskingsresultat.

Men det varte ikkje lenge før det kom nye innstrammingstiltak eller det som ble kalla «hvileskjær».

Frå 2009 kom det nokre år med auke i talet på studieplassar. Det førte til vekst og utvikling med m.a. etablering av nye master- og phd-studiar.

På statsbudsjetta for 2015 og 2016 er det på nytt kome generelle innstrammingstiltak som er varsla å skulle utgjere 2% over fire år. Desse tiltaka er grunna i effektivisering og reduksjon av byråkrati. Dette er ei utvikling som vil få konsekvensar i løpet av få år. Med så svake protestar som det har vore, må ein rekne med innstrammingsforslag framover også.

Det er gjort nærare greie for økonomiutviklinga i universitets- og høgskolesektoren med særleg vinkling mot Høgskolen i Oslo 1994-2011 i dette notatet om økonomiutviklingen i universitets- og høgskolesektoren med særlig vinkling mot Høgskolen i Oslo 1994-2011.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *