Kvantefysikk for nyfikne

Vi synest kvantefysikk og kvanteteknologi er alt for viktig og forunderleg til å vere ei greie for spesielt interesserte. Men mykje av det ein lærer om kvante-verda legg opp til å ha lag på lag med matematikk-kurs på førehand. Det ønsker vi å gjere noko med.
Til hausten startar vi opp eit kurs som har som mål å gi alle interessesrte ein introduksjon til kvanteverda:
https://www.oslomet.no/om/nyheter/derfor-vite-meir-om-kvanteverda
Matematikk- eller programmerings-erfaring er inga føresetnad. Gjennom presentasjonar, diskusjonar, demonstrasjonar og intuisjonar håpar vi at dei som deltar sit att med eit visst bilde av korleis mikrokosmos er skrudd saman – og korleis dette blir brukt – og vil bli brukt – teknologisk. Stikkord: Kvantedatamaskinar.
Kurset er på 5 studiepoeng, og vi har plass til 20 nyfikne studentar.