Tankar til høgre

Vi synest det er stas når politikarar viser interesse for gryande kvanteteknologi – anten dei kjem frå høgre ellser venstre, posisjon eller opposisjon.
Torsdag 6. mars hadde Høgre sin nærings- og utdanningfraksjon invitert ein del fagfolk og leiarar i feltet til å dele sine tankar om Norge si rolle i dette. Den eine politikaren som var til stades gjennom møtet, Nikolai Astrup, fekk mange innspel – også frå oss i kvantehuben.
I forkant av møtet hadde fraksjonen bede om eit lite skriftleg innspel. Dette innspelet kan du finne nedanfor. Bildet er tatt av Olav Johan Øye.
Nokre tankar om kvanteteknologi i Norge.
Mykje har alt blitt sagt om kvanteteknologi i Norge. Spesifikt vil eg gjerne trekke fram dokumenta Bidrag til ein norsk strategi for kvanterekning, som handlar om kvanterekning (quantum computing) spesifikt og Quantum Technology in Norway. Proposals for a National Funding Strategy, som tar for seg ny kvanteteknologi generelt.
FN har gjort 2025 til det internasjonale året for kvantevitskap og -teknologi. Dette skuldast nok ikkje berre at det er omtrent 100 år sidan kvantefysikken blei til; det har nok også med saka å gjere at vi internasjonalt har sett store og lovande gjennombrott innan kvanteteknologi dei siste åra. Som ein konsekvens av det kallar den andre kvanterevolusjonen, kan ny kvanteteknologi kan komme til å endre verda.
Når vi pratar om den andre kvanterevolusjonen, er dette også ei nyttig påminning om at der har vore ein første kvanterevolusjon. Denne har gitt oss teknologiar som laseren – med alt den blir brukt til, diagnostiske verktøy som magnet-tomografi (MR) og andre typar spektroskopi og mikroskop som gjer oss i stand til å sjå ting heilt ned på atomær skala. Kvantekjemi dannar mykje av grunnlaget for farmasi og kjemisk industri. Kvantefysikken gjer oss i stand til å forstå korleis fast materie er bygd opp, noko som i sin tur ligg til grunn for halvleiarteknologi som solceller, transistorar og integrerte kretsar. Og teorien gjer oss i stand til å forstå atomkjernen – og korleis vi kan hauste energi ut av denne, til både fredelege og særs ufredelege føremål.
Så det er inga overdriving å sei at kvanteteknologi alt har endra verda – på godt og vondt. Det kan komme til å skje igjen, og det må vi vere førebudde på.
Ein kan dele inn den gryande kvanteteknologien i tre hovudretningar:
- kvanterekning (quantum computing), berekningar som blir implementert på ei kvantedatamaskin,
- kvantemåling (quantum sensing and metrology) og
- kvantekommunikasjon.
Slik eg ser det, er den retninga som på sikt vil kunne ha dei største konsekvensane kvanterekning. Ein grunn til det er problemet med at ei kvantedatamaskin vil kunne brukast til å implementere metodar som lett kan knekke mykje av dagens kryptering.
Men meir generelt – og positivt – har det også med evna til å gjere berekningar, framskrivingar, simuleringar og dataanalyse å gjere. Metodar og verktøy for å gjere slike numeriske analysar er noko vi har gjort oss heilt avhengige av, ikkje berre innan tradisjonell forsking. Vi gjer tunge berekningar når vi melder veret, lagar klimamodellar, planlegg infrastruktur, leitar etter mineral og olje, set opp logistikk-nettverk og mykje meir. Og innsamling og analyse av data blir berre viktigare og viktigare.
Mange problemstillingar blir fort krevjande å handtere – sjølv med superdatamaskinar. Men vi veit at ein del problem kan løysast meir effektivt på ei kvantedatamaskin – gjerne også med lågare energiforbruk. Ein del flaskehalsar kan bli unngått med tilgang til større kvantedatamaskinar som gjer færre feil enn dei vi har no.
Vi veit ikkje når slike datamaskinar vil vere tilgjengelege. Men vi veit at store, internasjonale, USA-baserte selskap som IBM, Google og Microsoft, satsar tungt. Og det er grunn til å tru at det også blir satsa i Kina. EU har investert mange euro. Det blir ikkje berre investert i utvikling av kvante-maskinvare, men også i korleis denne kan brukast – altså utvikling av nye algoritmar, nye bruksområde, programvareutvikling og så vidare.
Mykje av teknologien som blir utvikla, vil vere proprietær. Både kommersielle og nasjonale globale aktørar ønsker både konkurransefortrinn og makt. Eg trur det vil vere risikabelt for Norge å gjere seg avhengig av kommersielle og ikkje-europeiske aktørar med openberre eigeninteresser.
Spesielt er det mykje å vinne på å gå inn i forpliktande samarbeid med dei andre nordiske landa. Det skjer lite i Norge. Rettnok har regjeringa lova pengar, men det er langt fram samanlikna med kva dei får til i Sverige, Finland og Danmark. Her bidrar både offentlege og private investorar bidrar med store beløp, og ein har alt lukkast med mykje. I Norge vil vi neppe sjå tilsvarande private investeringar. Men vi har sjansen til å spele ei rolle om vi vel å ta aktiv og forpliktande del i eit nordisk kvante-teknologisk samarbeid. Dette kan gjerast på ein måte som kompletterer den utviklinga som alt skjer i Norden.
Kvanteteknologi har påverka moderne historie meir enn dei fleste anar. Og gryande kvanteteknologi vil kunne føre til nye store endringar. Dette gjeld ikkje minst kvantedatamaskina. Ho vil kunne skape utfordringar når det gjeld kryptering og datatryggleik, men også bidra til ny teknologiutvikling og løysing av store utfordringar som vi står overfor. I mange land har ein innsett dette og investert tilsvarande. Norge er ikkje eitt av dei landa. Men saman med dei nordiske landa kan vi framleis velje å ta del i utviklinga og påverke ho på ein måte som er til beste for oss og demokratiet vårt.
Sølve Selstø
Professor i fysikk ved OsloMet – storbyuniversitetet og vitskapleg kontakt ved OsloMets kvantehub