PERSONVERN

Personvernerklæring og informasjonskapslar

Ved å bruke oslomet.no samtykkjer du at vi set cookies (informasjonskapslar) i din nettlesar.

Kva er cookies/informasjonskapslar?

Informasjon om informasjonskapslar/cookies på denne sida gjeld berre hoveddomenet www.oslomet.no.

Cookies – også kalla informasjonskapslar – er små tekstfiler som blir lagra lokalt på datamaskina di, og er ein standardteknologi som nærast alle nettstader brukar.

Dei fleste nettlesarar (som til dømes Google Chrome, Safari og Internet Explorer) er stilt inn å for automatisk akseptere cookies, men du kan velje å endre desse innstillingane om du ønskjer. Gjer du dette kan det føre til at ikkje alle nettsider vil fungere optimalt.

Den reviderte ekomlova (paragraf 2-7b) krev at vi gir informasjon om korleis vi brukar informasjonskapslar på nettstaden. Så lenge vi har informert om kva cookies vi brukar, kva opplysningar som blir handsama, føremålet med handsaminga og kven som handsamar informasjonen, er innstillinga i nettlesaren din nok for eit samtykke til at vi brukar cookies. Sjå nedst på denne sida om du ønskjer å trekkje tilbake samtykket ditt, eller endre innstillingane i nettlesaren din.

Kvifor brukar OsloMet.no cookies?

OsloMet.no brukar cookies til å generere statistikk for bruken av nettstaden, for å gjennomføre spørjingar om kva brukarane meiner om oslomet.no og for å kunne tilby tilpassa annonsar (retargeting) på Google, Facebook og Twitter.

Statistikken er eit reiskap for å forbetre nettstaden vår, i tillegg til å vurdere effekten av marknadsføring på andre digitale plattformar. For kvar side som blir vist, blir følgjande opplysingar lagra på serverane våre:

  • kva for ei side du ser på, kva side du kjem frå og kva for ei side du går til
  • om du har besøkt nettstaden vår tidlegare
  • dato og tidspunkt for besøket
  • kva for ein nettleser du brukar, og kva operativsystem du har

IP-adressa di blir anonymisert, og kan ikkje bli knytt til din person. Adressa blir kun brukt til feilsøking ved systemfeil, og all trafikkdata blir sletta etter seks dagar.

Les mer om OsloMets personvernerklæring her