Ny publikasjon om kollektiv kvalitativ analyse

I REMIMO-prosjektet har vi gjennomført flere felles prosjektworkshops som bygger på Eggebø sin tilnærming Kollektiv kvalitativ analyse (2020). Dersom du er nysgjerrig på denne tilnærmingen, kan du lese mer og se video her (ekstern lenke til Nordlandsforskning).

Innenfor prosjektet har vi jobbet med å utvikle denne tilnærmingen til bruk på nye typer data, spesielt analyse av policy-dokumenter. Dette har nettopp munnet ut i artikkelen Kollektiv analyse av innvandringspolitikk: Feministiske forskingsmetodar i praksis, publisert i Tidsskrift for kjønnsforskning (ekstern lenke, open access, idunn.no). Vi slår samtidig et slag for nynorsk som fagspråk!

I denne artikkelen tek me utgangspunkt i omgrepet «sakteforsking» og utforskar korleis ein kan jobba med kritisk tenking og kreativitet gjennom kollektive analyseprosessar. Caset er ein analyseworkshop me gjennomførte hausten 2022, inspirert av kollektiv kvalitativ analyse (KKA) (Eggebø 2020) og kva er «problemet»?-tilnærminga (WPR) (Bacchi og Goodwin 2016). Her deltok ei forskargruppe på fem personar i arbeidet med å analysera politiske dokument om innvandringspolitikk. I artikkelen skildrar me korleis me gjekk fram, og drøftar våre erfaringar i lys av forskingslitteraturen om kollektive forskingsmetodar. Me erfarte at dei stegvise prosedyrane i KKA og WPR var nyttige for framdrift og integrering i prosjektet. Men den viktigaste fordelen med kollektive analysar er at det opnar opp eit kollektivt rom for kreativitet og kritisk tenking. KKA, WPR og god prosessleiing gjev tydelege rammer og skapar den tryggleiken som gjer gruppa i stand til å kanalisera kreativitet og fantasi inn i analyseprosessen. Samstundes vil me understreka at ein kan skapa gode gruppeprosessar med ulike føremål, framgangsmåtar og teoretiske tilnærmingar, og at utviklinga av kollektive arbeidsmåtar i akademia er ein praksis me vil oppfordra studentar og forskarar til å ta del i.

Referanser:
Bacchi, Carol L. and S. Goodwin, 2016. Poststructural Policy Analysis: A Guide to Practice. New York, New York: Palgrave Macmillan US.
Eggebø, Helga. 2020. «Kollektiv kvalitativ analyse.» Norsk sosiologisk tidsskrift 4 (2): 106–122. https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2020-02-03

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *