Gult, rødt og blått trehus i rekke.

Ny rapport: Norsk bustadpolitikk i internasjonalt perspektiv

BOVEL-forskarane Kristin Aarland og Jardar Sørvoll har nyleg gjeve ut ein forskingsrapport om norsk bustadpolitikk i eit internasjonalt perspektiv. Rapporten er eit omfattande arbeid finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet.

I rapporten diskuterer forskarane det særeigne ved bustadpolitikken og bustadmarknadane i Noreg og seks europeiske samanlikningsland: Sverige, Danmark, Austerrike, Tyskland, Nederland og England (Storbritannia).

I den komparative analysen legg forfattarane særleg vekt på bustadsosiale virkemiddel retta mot vanskelegstilte, balansen mellom eige og leie og andre sentrale trekk ved bustadsektoren.

Todelt rapport

Arbeidet er basert på europeisk statistikk på buforhold og bustadmarknad (mellom anna OECD Affordable Housing Database og Eurostat) samt et breitt utval av forskingsartiklar, rapportar, bøker, nyhetsartiklar, politikkdokument og ekspertfråsegn frå sentrale bustadforskarar i dei respektive landa.

Rapporten er todelt. Første del handlar om sentrale aspekt ved bustadmarknadane og bustadpolitikken i dei ulike landa. Andre del er ein meir detaljert presentasjon og drøfting av bustadpolitikken i Noreg og samanlikningslanda med vekt på kva som er særeiga ved det norske eksempelet.

Kjelde

Aarland, K. & Sørvoll, J. (2021). Norsk boligpolitikk i internasjonalt perspektiv. En sammenligning av boligmarkeder og boligpolitikk i sju europeiske land. NOVA Rapport 7/21. Oslo: NOVA, OsloMet

Her kan du lese og laste ned rapporten gratis (oda.oslomet.no)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *