Forside Tidsskrift for boligforskning

Tidsskrift for boligforskning: Send inn artikkelsamandrag

Tidsskrift for boligforskning er eit tverrfagleg, vitskapleg tidsskrift (nivå 1) som omhandlar alle sider ved bustadfeltet i Noreg, hovudsakleg bustadmarknaden, politikk, sosiale forhold, bumiljø og nabolag.

Tidsskriftet kjem ut to gongar i året, femnar breidda av bustadforsking i Noreg, og hovudmålet er å gje ut og formidle den fremste forskinga på fagfeltet. Hovudtyngda i tidsskriftet ligg på vitskapleg publikasjonar (60 prosent), men vi tek også imot fagartiklar, kommentarar, populærvitskaplege artiklar og essays.

Tidsskriftet gjev ut artiklar hovudsakleg på norsk, men tek også imot artiklar på engelsk, svensk og dansk. For krava til dei ulike typar manuskategoriar, sjå tidsskriftets forfattarrettleiing (idunn.no). Tidsskriftet blir publisert med open tilgang (open access).

Tidsskriftet rettar seg mot ei rekkje ulike forskingsmiljø i Noreg og Norden, og forfattarar frå alle forskingsmiljø som jobbar med relevante problemstillingar. Universitetsforlaget gjev ut Tidsskrift for boligforskning på vegner av Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) ved OsloMet – storbyuniversitetet.

Frist 1. mars

Send inn ferdigstilt manuskript innan 1. mars 2022. Vitskapleg manus blir akseptert etter fagfellevurderingar (alle forskingsartiklar som er aktuelle for publisering i tidsskriftet blir vurdert av minst to anonyme fagfellar) og blir publisert i utgåve nr. 1/2022 i slutten av juni 2022.

Helsing redaktørane

Kim Astrup
Ingar Brattbakk
Katja Johannessen
Viggo Nordvik
Jardar Sørvoll

Les Tidsskrift for boligforskning gratis (idunn.no).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *