BOVEL søkjer ein kvantitativt orientert person med interesse for og kunnskap om forskingsfelt knytt til bustadpolitikk, sosialpolitikk, bustadmarknad og/eller andre velferdsområde som utdanning, arbeid eller trygdeytingar.
Stipendiaten vil arbeide ved Seksjon for aldersforsking og bustadstudiar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet. Stillinga er ei åremålsstilling over tre år, men kan bli forlenga med engasjement i andre prosjekt på NOVA.
Ph.d.-prosjektet er forventa å falle inn under dei sentrale forskingstema ved senteret: lavinntektsgrupper på bustadmarkanden, eigaretablering/eigarlina, kommunal bustadpolitikk, effektar av offentleg politikk, buforhold på leigemarknaden og samanhengen mellom buforhold og sentrale velferdsområde som arbeid, utdanning og helse på kort og lang sikt.
Det er eit krav at ph.d.-prosjektet har ein kvantitativ innretning og brukar senterets omfattande registerdatabase.
Søknadsfristen er 5. mai.