«Strid om tid» – Kvifor får vi kamp om arbeidstida?

Arbeidstid stod sentralt i striden om regjeringa sine forslag til endringar i Arbeidsmiljølova i 2015. Ikkje før var endringane sette i verk, så blussa striden opp att då det regjeringsoppnemnde «Arbeidstidsutvalet» la fram innstillinga si tidlegare i år.

Er arbeidstid ei så grunnleggande interessemotsetning at det blir ein evig strid? Eller har vi kunnskap som kan gi grunnlag for felles løysingar?

Innleiarar

  • Ingeborg Moen Bergerud – advokat, med arbeidsrett som spesialområde, partner i advokatfirmaet Arntzen de Besche. Leiar for Arbeidslivslovsutvalet (2004),  medlem i arbeidstidsutvalet (2016).
  • Ebba Wergeland – lege, forskar og spesialist i arbeidsmedisin, forfattar og debattant. Ho har sin yrkesbakgrunn m.a. frå Arbeidstilsynet.

Debattantar

  • Solveig Kopperstad Bratseth, nestleiar i Unio og i Norsk sykepleierforbund.
  • Anne Turid Wikdahl, arbeidslivsdirektør i Spekter –  utgår. Vi har fått inn  avdelingsdirektør Anne-Cathrine Hjeraas fra KS i staden.

V E L K O M M E N!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *