Jardar Sørvoll

Sørvoll skal leie husleigelovutvalet

NOVA-forskar og BOVEL-leiar Jardar Sørvoll har takka ja til å leie det regjeringsoppnemnde utvalet som skal foreslå endringar i husleigelova.

Husleigelova set rammene for kva ein kan avtale i leigeavtaler, mellom anna lengda på kontrakten, kor mykje husleiga kan auke kvart år og når det er mogleg å seie opp ei leigeavtale.

– Utvalet har eit stort og spennande arbeid framfor seg, på eit område som betyr mykje for liva til svært mange menneske. Eg gler meg til å gå i gang, seier Sørvoll.

Utvalet er sett saman av medlemmer som representerer interessene til ulike organisasjonar i leigemarknaden, juristar og forskarar. Ei stortingsmelding om bustadpolitikken kjem våren 2024.

Les pressemeldinga her: https://www.regjeringen.no/…/utvalg-skal…/id2985399/