Kva er det mest berekraftige materiale for framtida?

Foredrag 29. september 2022, kl. 18:00 – 20:00.
Sunnmøre museum – Ålesund.

Professor i klede og berekraft ved SIFO, OsloMet, Ingun Grimstad Klepp svarar: Gløym ny teknologi, det er i historia vi finn berekraftige vegar framover!

I tusenvis av år har menneska vore varme, vakre og velkledde utan å legge press på klima og økosystem. Vi har hatt klede som har vore så sterke og vellaga at dei har vart i generasjonar. Tekstilavfall fants knappast historisk då alt var brukt til siste trevl. Klima -og miljøbelastning er ikkje ein rød tråd i motehistoria, men eit unntak som høyrer til vår tid. Det er difor gode grunnar til å sjå seg tilbake for å hente kunnskap og inspirasjon for den store omstillinga tekstilbransjen ikkje lenger kan vegre seg for.

I Noreg er vi heldige og har sau med ull som liknar mykje på saueulla frå vikingtida og før, og ein oppegåande og tradisjonsrik industri som kan teke ulla frå sauen sin kropp til vår.

Framtida er å gå kledd i varige og varme klede som tek tid, ferdigheiter og kunnskap å skape. Vi må raskast mogleg redde dei små handverkarane, lærlingordningane og alt anna som støttar liten, langsam og lokal produksjon, og stikke kjeppar i hjula på Fast Fashion, båe privat og politisk.

Les mer om arrangementet her (vitimusea.no)