Ull i politikk, produksjon og bruk

Foredrag under ULLVEKA på Voss
Sted: Fleischers Hotell Tid: 4.10.2025, kl. 14:00

Foredrag med Ingun Grimstad Klepp

Samandrag

Politikk: Manglande satsing på og diskusjon om lokal tekstilsproduksjon. Korleis kjem ull ut i diskusjonar om «sirkulær» økonomi? Eller… kvifor er
norsk ull ein miljøversting i EUs system ut frå grøne påstandar, samtidig som ull er svanemerka?
Produksjon: Kvar blir norsk ull produsert? Og kva er tilstanden for ull andre stader i Europa? Kva vert gjort av produktutvikling og då særleg for den ulla som ikkje er eigna for garnproduksjon?
Bruk: Det kan vera heilt praktisk som vask og stell, men kan også handla om haldningar til ull, og korleis ulla blir brukt av norske forbrukarar. Kan også vera brukseigenskapar for ulike typar ull og kva som passar til kva, og kvifor (med andre ord kva er kvalitet?).

Klikk her for meir infromasjon om Ullveka 2025 og påmelding (ulluken.no)