Mediating Sustainability in the Consumer Society
Dato/Tid
29. januar 2025
16:00 til 18:00
Sted
Pilestredet 52, OsloMet
GrønnMet-gruppa inviterer til seminar og boklansering.
Boka “Mediating Sustainability in the Consumer Society”, redigert av Astrid Skjerven, Lisbeth Løvbak Berg, Liv Merete Nielsen og Dagny Stuedahl, klargjer rolla og påverknaden til berekraftsmedieringa.
Gjennom eit kritisk og multidisiplinært blikk, med bidrag frå ekspertar i felt som filosofi, forbruksforsking, mediastudiar, mote og design, tilbyr boka eit unikt og heilskapleg perspektiv på mediasjon av berekraft. Boka inneheld to bidrag frå Klesgruppa: Kapitlane «Who can stop the greenwashing» av Ingun Grimstad Klepp og Ingrid Haugsrud og «Indigenous approaches to mediation of the climate and nature emergency: a conversation with Vanessa Andreotti» av Lisbeth Løvbak Berg. Les meir om boka her (routledge.com).
I samband med dette har me invitert to foredraghaldarar som arbeidar med tangerande tematikkar frå eit designperspektiv.
Program
16:00-16:05: Velkommen ved Carl C. Thodesen, prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid, OsloMet
16:05.-16:10: Introduksjon til programmet i dag ved Lisbeth Løvbak Berg, forskar, SIFO
16:10-16:20: “Reciprocities, decay, destruction and design” ved Yoko Akama, RMIT University Melbourne (rmit.edu.au)
16:20-17: 05: “Imagining and co-creating futures” ved Per-Anders Hillgren, Malmø Universitet (mau.se)
17:05-17:10: Introduksjon til boka ved Astrid Skjerven, professor emerita, OsloMet
17:10: Lett servering
Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt!
Arrangør:
- Institutt for produktdesign
- Institutt for estetiske fag
- Fakultet for teknologi, kunst og design
- Forbruksforskningsinstituttet SIFO
- Fakultet for samfunnsvitenskap
- Institutt for journalistikk og mediefag
Foto: Louise Dennis