Frå sidelinja til ministerbesøk.

Now in Descember our department celebrates its 40 years anniversory. As part of the celebration, a book highlighing various aspects of our diverse activitiy has been written. One of the pieces which makes up this antology is about our Quantum Hub – how it got started. Below you will find this piece, which is written in Norwegian.

Dei som har jobba på teknologi-utdanningane ved OsloMet lenge, eller rettare: dei som har jobba både på Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Oslo og Akershus – og kanskje til og med Oslo Ingeniørhøgskole, huskar nok ei tid der matematikarar og fysikar måtte finne seg å stå eit stykke unna sentrum når det blei snakk om forsking.

«Forskinga må jo vere relevant for utdanninga», blei vi fortald – utan å få noko godt svar då vi spurde korleis realfag kunne vere irrelevant på ei ingeniørutdanning. Det var glissent med interne forskingsmidlar. Etableringa av ei forskingsgruppe innan matematisk modellering blei aktivt trenert, og dialogen med fakultetsleiinga var ikkje alltid like konstruktiv. Mange av oss tok til takke med å avgrense forskinga si til det som skjedde inne i sitt eige vesle lønnkammer. Og dei fleste av oss var små, faglege øyer.

Det vår då, då vi skulle tilsette nye kollegaer innan realfag i 2018, at Simen Bræck kom opp med idéen om å lyse ut ei stilling innan kvanteinformasjonsteknologi. Tanken resonnerte med store delar av fagmiljøet – også med Tulpesh Patel, som var gruppeleiar den gongen. Sjølv om idéen om kvantedatamaskiner går heilt tilbake til 80-talet, var tidspunktet gunstig: Vi hadde sett nye teknologiske gjennombrott på feltet; vi såg konturane av det som no blir kalla den andre kvanterevolusjonen. Og vi såg eit fagfelt som ikkje berre handlar om fysikk og matematikk, men også informasjonsteori, programmering, tungrekning, elektronikk og kjemi. Ei slik satsing kunne kanskje hjelpe  individualistiske, disiplin-lojale realistar til å finne noko å samle seg om? Bygge bruer mellom øyane? Det var også ein hyggeleg bonus at fagfeltet overlappar med maskinlæring og kunstig intelligens; kanskje kunne kvante-prefikset også gjere oss attraktive for det dynamiske og framstormande KI-miljøet vårt?

Søkarlista til den aktuelle stillinga var vill; det kom inn mange søknader frå forskarar med CV-ar mange av oss drøymer om å ha ein dag. Og den som stod igjen då støvet la seg, var Sergiy Denysov. I tillegg til solid fagleg bakgrunn, imponerte han med sterk vilje til samarbeid – på tvers av disiplinar. At vi, omtrent på same tida, også fekk inn matematikaren Marco Matassa, som også hadde solid bakgrunn frå teoretisk fysikk, til å forske på kvantegrupper bidrog også til å gjere at framtida såg lys ut.

Vi er glade for at Laurence Habib og André Brodtkorb, som då var institutt- og gruppeleiar, tidleg såg verdien i å satse på dette fagfeltet – og heilhjarta støtta opp om initiativet som leidde fram til etableringa av kvantehuben vår. Dåverande dekan og noverande prorektor, Carl Thodesen, gav også verdifull drahjelp. På initiativ frå Laurence og André heiv vi ut snøret og søkte om strategiske midlar hausten 2021. Det nappa litt, men storfisken glapp. Men, som Nils Arne Eggen så treffande sa det: «There is hope in a hanging snore». Vi fekk både napp og storfisk då vi kasta snøret ut igjen på nytt våren etterpå.

Med desse midlane såg vi for oss at landet med mjølk og honning skulle opne seg. No fekk vi dei nødvendige ressursane til å lage navet i kvante-hjulet vi såg for oss – til å knyte til oss kollegaer og fagfolk både internt og eksternt. Med fokus både på kvanterekning (quantum computing) spesielt og på kvantefysikk og -teknologi generelt.  Med denne tildelinga hadde vi lukkast i å vise at desse sære disiplinfaga våre faktisk har strategisk – og teknologisk – relevans og verdi. For dei av oss som har kjent på frustrasjon over å ikkje lukkast med å forklare dette for kollegaer og personar høgare oppe i systemet tidlegare, smakte dette ekstra godt.

Om framtida såg lys ut, blei ho ikkje mørkare då vi fekk inn enda ein matematikar eit par år seinare: Andre Laestadius fann vegen frå Hylleraas-senteret på Universitetet i Oslo til oss nede i sentrum. Med seg hadde han finansiering frå det europeiske forskingsrådet som har gjort han i stand til å etablere ei solid og aktiv forskingsgruppe. Forskinga innan dette prosjektet, som heiter REGAL,  ligg i skjæringspunktet mellom  matematikk, kjemi og kvantefysikk. Andre og gjengen hans passa som hand i hanske inn i huben vår!

No har OsloMets kvantehub eksistert i nokre år. For å sitere dei udøydelege orda til Spidermans forsterfar: «With great power comes great responsability». Som eit slags «korrolar»: «Med finansiering kjem ei forventing om å levere». Har vi levert?

Vel, det svir at vi ikkje har klarte å «svi av» alle dei årlege strategiske midlane dei første åra. Dette skuldast slett ikkje mangel på idear eller ambisjonar; det har ikkje vore vanskeleg å sjå for seg gode måtar å desse midlane på. Underforbruket skuldast at det viste seg mykje vanskelegare å få tilsett folk enn det vi trudde. Vi prøvde så godt vi kunne å ikkje la fråværet av nøkkelfolka vi ønskte oss redusere kvante-aktiviteten vår.  Og vi har vore aktive. Stikkord: Workshops, studieturar til Göteborg og Helsinki, innkjøp og avduking av faktiske kvantedatamaskinar, intervju, kronikkar og mediaoppslag, stand på jenter og teknologi-messa, podcasts, lunch-seminar, master-oppgåver, mange nye PhD-prosjekt, besøk av skuleklassar og av folk frå næringsliv, Arendalsveka, inviterte føredrag hos organisasjonar og bedrifter, Forskingsdagane, ny lærebok, kvantebibliotek, Simula-samarbeid … Der vi før ikkje hadde nokon relevante kurs å tilby, har vi no tre kurs som startar på «kvante» – eitt på bachelor-nivå, eitt på master-nivå og eitt etter- og vidareutdannings-kurs. Og, ikkje minst, vi har vore så heldige at vi har fått inn nytt blod frå Nederland – nærare bestemt Yves Rezus, som har vald å bruke sabbatsåret sitt i huben vår.

Og vi har blitt lagt merke til. For mange av oss var det nok ein slags kulminasjon – ein foreløpig ein – at ikkje mindre enn tre ministrar valde å ta turen til huben vår for å kunngjere at regjeringa vil settet av 70 millionar kroner per år til forsking på kvanteteknologi. Det var ein grunn til at dei, forsvarsministeren, digitaliseringsministeren og ministeren for forsking og høgare utdanning, kom hit. Neste gong tar dei kanskje med seg utdannings- og helse-ministeren også.

Så då har vi vel grunn til å vere fornøgde? Kanskje. Men der er meir som må gjerast. Kvante-fokuset har ført til tettare forskingssamarbeid – ikkje minst med det nemnde KI-miljøet. Seinast i oktober stod Pedro Lind, med god hjelp frå Maryam Kaviani, for eit særs vellukka Nordic Quantum For Life Roundtable-arrangement på Holmenkollen. For tida har vi to PhD-prosjekt i skjæringspunktet mellom kvanterekning og maskinlæring, og enda ein stipendiat startar neste år. Og vi ser ei viss interesse frå andre institutt og eksterne partnerar. Men vi vil meir. Potensialet er langt ifrå saturert.

Nyleg har vi vore så heldig å rekruttere Vegard Falmår til eit PhD-prosjekt, leia av vår eigen Andre Laestadius og Kristin Bergaust frå estetiske fag, om formidling og visualisering av kvantefysikk og -kjemi. Kanskje er dette starten på ei ny og viktig retning innan kvante-aktiviteten vår – ei som også vil trekke vekslar på filosofi og erkjenningsteori. Med god og vakker formidling som produkt.

Når det gjeld formidling, å få folk flest interessert i kvante-ting, har vi eit veldig langt lerret å bleike. Relevansen av kvantefysikk og -teknologi er tungt underkommunisert i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Det vil ta lang tid å rette opp i det. Men vi prøver. Og vi må fortsette å prøve.

Måtte kvante-eventyret på OsloMet vil vare i mange, mange år framover.

Seminar: Eva Lindroth and the Nobel prize

It is a pleasure to invite you all a seminar with prof. Eva Lindroth from Stockholm University.

Her background is with atomic, molecular and optical physics. Her contributions to the field is diverse and impressive. She is also a member of the Royal Swedish Academy of Sciences, Vice Chair for the class of Physics.

In this seminar she will tell us about the Nobel prize – naturally with emphasis on the physics prize. We will hear about how the laureates are elected. And she will tell us about particularly famous laureates such as Curie, Einstein and Meitner. Meitner is, perhaps, the most grave omission ever made when it comes to the physics prize.

Much of Eva’s research is very closely related to this year’s and last year’s Nobel prizes, the latter being awarded within the field of attosecond physics with her fellow Swede Anne L’Houllier as one of the recipients. This year’s prize is, of course, particularly interesting to our colleges at the AI group – highlighting the close connection between physics and AI.

Time: Wednesday 30th from 12.00

Place: PS439 in P35 (We will try to find a larger room if need be)

On behalf of the MatMod group and the Quantum Hub,

Sølve

A very pleasant visit

Image credit: Christen Krogh.

We love having visitors at our Hub. Monday September 30th, we had particularly distinguished ones: Karianne Tung (minister of digitalization), Bjørn Arild Gram (minister of defence) and Oddmund Hoel (minister of higher education and research) came by.

The occasion was a budget leak: The government will allocate 70 million kroner annually to quantum tech. This funding will be allocated via the Research Council.

It is truly great to see that the efforts made by the Norwegian community on raising quantum awareness hasn’t gone unnoticed by the government.

This was a good day at the office!

Read more about it in today’s Klassekampen,

https://klassekampen.no/artikkel/2024-10-03/kvantesprang-for-kvanteforskning

and on our own pages,

https://www.oslomet.no/om/nyheter/storsatsing-kvanteteknologi

Seminar: Yves Rezus

It is a true pleasure to invite you to a seminar with our guest researchers Yves Rezus. Yves is spending this academic year on sabbatical and has chosen to come to us!

Do come and listen!

Abstract:

Encounters with single-quantum emitters

Yves Rezus

Amsterdam University of Applied Sciences (AUAS)

Single-quantum emitters are the smallest possible light sources. They consist of trapped atoms, molecules or engineered nanostructures, which emit one photon at a time. Research in single-quantum emitters has taken an enormous surge in the past few decades, leading to applications ranging from biological imaging to quantum computing.

In this talk I will give an experimental perspective on single-quantum emitters, focusing on what it takes to observe them in the laboratory and to exploit their properties in real-world applications. Along the way we will see what single-quantum emitters can teach us about fundamental quantum mechanics.

Hjelp med kommunikasjon

Vi er veldig glade for å ha fått Noa Cecilie Sæther med på laget! Noa studerar journalistikk på andre året hos oss på OsloMet. I tida framover vil ho hjelpe oss med reportasjar, bilder, tekst og anna som har med kvante-aktiviteten vår å gjere.

Velkommen, Noa!

Arendal: Quantum of interest

The Arendal week has long since passed. And, in terms of technology, the winner of the battle for attention was quite undisputed: AI.

There were, however, some events dedicated to emerging quantum technologies too. Two, to be specific. While few, less than 1 per mille of the number of AI related events, they were very well visited.

Please read Andre Brodtkorb’s and Sergiy Denysov’s reflections on the topic in this Khrono-kronikk:

https://www.khrono.no/norge-ma-ta-del-i-det-globale-kvantekapplopet/896460

The QHub in Arendal

To anyone in who happen to be in Arendal Tuesday August 13th: Please join the quantum session at 14.00!

We are happy to see GlobalConnect raising the issue of the Norwegain participation in the quantum race, or, rather, the lack of such. They have put together very interesting panels of participans, many of whom are friends of the family.

Do come to Edgars bakeri and listen if you happen to be in Arendal during the Arendalsuka!

QBism as introduced by Anders Kvellestad

This Friday, 28th of June, we have the pleasure of hosting Anders Kvellestad, from the University of Oslo, who gave us an introduction to QBism!

That is a relatively new interpretation of quantum mechanics that emphasizes the role of the observer in defining quantum states. QBism, or Quantum Bayesianism, interprets quantum probabilities as personal beliefs about the outcomes of measurements, rather than objective properties of physical systems.

His lecture was thought-provoking and sparked a lively discussion with numerous questions from the audience (see photo). We are looking forward to his second seminar after the summer break, where he will delve deeper into the intricacies of QBism.

Cool workshop

From 9th to 12th of June, we had the pleasure of hosting a little workshop on atoms and lasers – and a couple of other things too. This was put together in connection with a visit from our esteemed colleges from Warsaw University, prof. Katarzyna Krajewska (picture), prof. Jerzy Kaminski (prince George amongst friends) and their team.

They all delivered very interesting presentations – as did Thomas Bondo Pedersen and his students from the Hylleraas Centre, which is headed by Thomas, and Morten Førre and his students. Presentations holding the promise of significant and new scientific contributions in the near future – both when it comes to pair creation, strong field ionization beyond the dipole approximation and the ability to describe complex, unbound molecular systems dynamically.

As for our local “hubbers”, our own Bendik got to demonstrate several of his very nice research results, and Sergiy gave a nice introduction to the diverse activities in our hub. We were happy to see the Regal fraction of our Quantum Hub, headed by Andre, taking and active part – both presenting and participating.

For more details – and a cool gallery, please visit the workshop’s homepage.

We thank Maryam Kaviani for taking care of virtually all practicalities. And we do not thank our technical division for remaining silent about the overly cool temperature in our original venue.