Barn sort-hvitt. Foto: colourbox

Ny rapport: Vald mot barn og systemsvikt

NOVA-rapporten: Kunnskapsoppsummering. Vold mot barn og systemsvikt er gjeve ut i samband med Barnevaldsutvalets utgreiing.

Det regjeringsutpeikte Barnevaldsutvalet legg fram si utgreiing 22. juni. Dei har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vorte utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.

NOVA fekk i oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet å lage ei kunnskapsoppsummering for å bistå utvalet. Den gjennomgår forsking i Noreg og internasjonalt som kaster lys over offentlege tenesters handtering av saker der barn og unge har vore utsette for vald, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgssvikt.

Kunnskapsgjennomgangen identifiserer også kunnskapshol på feltet.

Les, ting eller last ned rapporten gratis:

Kunnskapsoppsummering. Vold mot barn og systemsvikt (fagarkivet.oslomet.no)
Elisabeth Backe-Hansen, Ingrid Smette og Camilla Vislie
NOVA-rapport 4/17