Ny NOVA-rapport viser korleis barn og unge blir usette for overgrep via digitale medium.
Minst to av ti barn og unge under 18 år opplever uønska seksuell kontakt på nett i løpet av eit år, ifølgje ein ny NOVA-rapport.
– Ulike typar seksuelle overgrep på nett er noke mange kan oppleve i løpet av ungdomstida, sier forskar Lars Roar Frøyland ved OsloMet.
Han er ein av NOVA-forskarane som har kartlagt kva vi veit om seksuelle overgrep mot barn og unge på nett, på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.
På nett kan personar med seksuell interesse for barn og unge kome i kontakt med potensielle ofre utan at det er like synleg som i den fysiske verda. Digitale medium gjer det også lettare å dele overgrepsbilete og -video av barn og unge.
- Les heile intervjuet med Lars Roar Frøyland på oslomet.no
Om rapporten
I rapporten kartlegg forskarane eksisterande kunnskap om ulike typar seksuelle overgrep mot barn og unge under 18 år via digitale medium. Rapporten baserer seg på eit systematisk søk etter fagfellevurdert litteratur publisert mellom 2010 og 2020 på engelsk, norsk, svensk og dansk.
Forskarane har undersøkt eit breitt spekter av ulike seksuelle overgrep digitalt. Dei har også kartlagt kva vi veit om dei som blir utsette for slike overgrep, dei som utøver handlingane, korleis det skjer, kvifor det skjer, og korleis det norske samfunnet handterer dette.
Kunnskapsoppsummeringa er tinga og finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet (JD).
Kjelde
Frøyland L. R., Solstad G. M., Andersen, P. L., Tveito S. B., Folstad S. H., Skilbrei M. L. (2021). Seksuelle overgrep mot barn og unge via digitale medier. En kunnskapsoppsummering. NOVA-rapport 3/2021 (oda.oslomet.no).