NOVA og NKVTS skal saman arrangere den 3. europeiske konferansen om vald i nære relasjonar i Oslo i 2019.
Den 2. ECDV-konferansen (fpce.up.pt) blei avvikla i Porto, Portugal, 6.-9. september 2017.
Forskar Carolina Øverlien frå NKVTS var ein av key-note-talarane på konferansen, og annonserte Oslo som neste møteplass på slutten av innlegget sitt.
NOVA og NKVTS har allereie skipa ein organisasjonskomité for konferansen med desse medlemane:
Carolina Øverlien og Ingrid Smette (leiarar)
Svein Mossige, Kristin Skjørten, Anna B. Mørch, Nina Eriksen