Tre unge jenter drikk shots på heimefest

Nyanserer biletet av festovergrep

Ein ny artikkel av Stefansen, Solstad og Tokle bidreg med nye omgrep for ulike former for festovergrep..

– Seksuelle overgrep der det er fest og fyll er blant dei vanlegaste formene for seksuelle overgrep, seier Kari Stefansen til forskning.no.

– Det strafferettslege perspektivet reduserer spørsmålet til om det var valdtekt eller ikkje. Vi treng eit språk for alt det som er litt meir vanskeleg å få tak i.

Forskarane har utvikla fire omgrep for ulike typar festovergrep:

  • manipulatoriske overgrep
  • opportunistisk utnytta sårbarheit
  • fanga av situasjonen (og si eiga interesse)
  • skripta tvang

– Vi har prøvd å skissere eit meir nyansert bilete av det unge kvinner opplever og korleis dei balar med å forstå det som har skjedd, seier Kari Stefansen til forskning.no.

Ho håpar forskinga kan vere til hjelp for dei som er utsett for uklare situasjonar, og for dei som jobbar med unge menneske.

Forskarane bruker også omgrepet uetisk sex, og meiner det kan vere nyttig å bruke, også for ungdom sjølv.

Les heile intervjuet med Kari Stefansen på forskning.no.

Kjelde

Stefansen, K.; Solstad, G.M. & Tokle, R. (2023). What Happened to Me? Ambiguity and Surety in Narratives of Intoxicated Sexual Assault. Sociology (sagepub.com)