Ung i Oslo 2018, illustrasjonsfoto. Tre ungdommer har det gøy. Foto: colourbox.com

Ung i Oslo 2018

Dei fleste ungdom i Oslo har det bra, men fleire fortel om vald i heimen og seksuelle overgrep.

I ungdataundersøkinga Ung i Oslo 2018 fortel 9 prosent av ungdomane at dei har blitt slått med vilje av ein vaksen i familien i løpet av det siste året minst ein gong.

For dei fleste handlar dette om ein einskilt hending, og det er vanskeleg å vite kor alvorleg akkurat desse hendingane har vore. Rundt 2 prosent har blitt slått 2–4 gongar, og 1,6 prosent fem gongar eller meir.

Det er også ein del unge som seier at dei er redde for å bli utsett for vald i familien, men likevel færre enn dei som sjølv har blitt slått. 2 prosent seier at dei er svært redde, medan 4 prosent er litt redde.

Rapportomslaget til Ung i Oslo 2018Unge med innvandrarbakgrunn er langt meir utsette for vald frå ein vaksen i familien, og det er fleire som er redde for å bli utsett for vald i familien enn unge med norskfødde foreldre. Samstundes er det klare sosioøkonomiske skilnadar, med langt større utbreiing i lågare sosiale lag.

Seksuelle overgrep

I Ung i Oslo blei ungdom på vidaregåande spurt om nokon i løpet av det siste året hadde pressa eller tvinga dei til samleie eller andre seksuelle handlingar.

8 prosent av jentene og 4 prosent av gutane har opplevd dette. For dei aller fleste som har blitt utsett for slike overgrep, har det skjedd ein gong. Men det er også ungdom som har blitt usett fleire gongar.

Jenter med norskfødde foreldre er mest utsett. I denne gruppa har kvar niande ungdom opplevd slike overgrep minst ein gong siste år.

Kjelde: Bakken, A. (2018). Ung i Oslo 2018 (fagarkivet.oslomet.no). NOVA Rapport 6/18