Mette Løvgren

Skal avdekke mørketal om kor utsette folk er for lovbrot

NOVA-forskar Mette Løvgren ved OsloMet skal leie arbeidet med dei årlege nasjonale tryggleiksundersøkingane dei neste fire åra. Målet er å få fram kunnskap om kor utsett befolkninga er for lovbrot i Noreg.

Store mørketal

─ I Noreg har vi veldig god statistikk på mykje, men ikkje på kor mange som er utsette for lovbrot. Forskarar, politikarar, ja heile samfunnet, ønskjer å vite det reelle omfanget av lovbrot i Noreg. Denne undersøkinga vil hjelpe oss med å få oversikt, seier prosjektleiar Mette Løvgren.

─ «Nasjonal trygghetsundersøkelse» måler også uro for lovbrot, og det veit vi heller ikkje så mykje om. 

Løvgren har saman med forskarkollegaar ved OsloMet, Ideas2evidence og Frischsenteret fått i oppdrag av Justis- og beredskapsdepartementet å gjennomføre årlege nasjonale tryggleiksundersøkingar i perioden 2023–2027. 

Eit representativt utval på omtrent 70 000 individ i alderen 16–84 år vil bli trekt frå Folkeregisteret og invitert til å delta i undersøkinga. 

Undersøkinga er ei vidareføring av «Nasjonal trygghetsundersøkelse 2020».

─  Førre undersøking ble gjennomført i koronaåret 2020, så vi forventar sjå endringar i 2022, no som det meste er tilbake til normalen, fortel Løvgren.

I 2020 fortalde ein tredjedel av dei som deltok i undersøkinga, at dei hadde vore utsette for eit lovbrot, det er eit langt høgare tal enn det den offisielle politistatistikken viser. 

Kvifor ei slik undersøking?

─ Vi treng å vite om det er slik at nokre grupper i samfunnet er meir urolege enn andre for å bli utsett for lovbrot, og i så fall kva lovbrot. Det same gjeld kor utsette dei er: kva grupper i samfunnet er meir utsette for lovbrot enn andre, og kva type lovbrot opplever dei? 

Til dømes viste førre undersøking at medan menn opplever meir tjuveri, ran og innbrot, er kvinner meir utsette for seksuell vald.

─ Det også interessant å sjå kven som føler seg trygge, seier Løvgren. ─ Helst skulle det vore alle. Men det veit vi at det ikkje er. 

 Forskarane håpar at resultata frå denne undersøkinga vil skaffe eit betre bilete av tryggleik, uro og kor utsette befolkninga er for lovbrot, eit bilete som betre reflekterer det folk i Noreg faktisk opplever. No blir det òg mogleg å følgje utviklinga over tid.

Les meir om prosjektet på oslomet.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *