Erfaring med å skriva veiledningsgrunnlag og gjennomføra førveiledning.

I veiledningsgrunnlaget har eg teke utgangspunkt i ein tenkt situasjon på jobben. Har ikkje tidlegare erfaring med veiledning av studentar og skriving av veiledningsgrunnlag, så eg brukte litt tid på skrivinga.

Alle i gruppa skreiv sitt eige veiledningsgrunnlag som vi delte med kvarandre på e-post. Vi hadde såleis høve til å lesa veiledningsgrunnlaga, og stilla forberedt til Skype-møte.

Som veileiar synest eg det var vanskeleg å stilla gode åpne spørsmål til veisøker, særleg då eg ikkje har rette kompetansen på fagområdet. Veisøker var klar på kva ho ynskte veiledning på, og hadde også tenkt gjennom korleis ho ville løysa situasjonen. Vi hadde ein god og åpen dialog, der veisøker gav uttrykk for å ha nytte av veiledninga.

I rolla som veisøker vart eg godt motteken av veileder og vi hadde ein god relasjon gjennom møtet. Veileder var flink til å lytta og med spørsmål få meg til å reflektera litt vidare over situasjonen. Under samtalen kom eg dermed fram til alternative måtar å løysa situasjonen på, og følte sjølv eg hadde nytte av veiledninga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *