Framtida: – Mange får kritikk for å ikkje vera samisk nok

Framtida.no, 18.12.2016: https://framtida.no/2016/12/18/mange-far-kritikk-for-a-ikkje-vera-samisk-nok#.WJiHu1XhC71

Mange får mykje kritikk for å ikkje vera samisk nok, forklarar Dávvet.

Nettopp dette trur Sajje at er sårt for mange. Ho kjenner til problematikken gjennom far sin, som ikkje lærte samisk i oppveksten på grunn av fornorskinga.

– Dei har heile tida fått høyre at dei ikkje er samiske nok, fordi dei ikkje kan språket. Eg trur det er veldig ømt for mange. No er det mange unge som engasjerer seg for å lære språket, samtidig vil du ikkje pressa folk til at dei må kunne språket for å vera samisk. Ein vil at det skal vere greitt å berre kunne norsk, sjølv om ein vil at flest mogleg skal kunne samisk, forklarar ho.