Skogvang, Susann Funderud: Kven er eigentleg same?
Morgenbladet.no, 11.12.2017: https://morgenbladet.no/aktuelt-portal/2017/12/kven-er-eigentleg-same
Den samiske kulturen og dei samiske tradisjonane er grundig dokumenterte, og dei er kjente blant mange. Men kva vil det seie å vere samisk sett frå ein juridisk ståstad? Kva fortel jusen oss om kven som er same i dag?
Spør vi samar frå heile landet om kven som kan kalle seg same, kva som skal til for at nokon kan kalle seg samisk, og korleis ein vil beskrive eigen samisk identitet, får vi truleg ulike svar – slik det også finst forskjellige oppfatningar av kva det vil seie å vere norsk, eller kven som er norsk nok.
Kva det samiske er, og kven som kjenner seg som samisk, handlar i stor grad om tilknyting, kultur, røter og identitet – markørar som igjen er vanskelege å definere eller å måle.