Emneevaluering   

Det systematiske kvalitetsarbeidet ved OsloMet har vist at det er behov for eit verktøy for gjennomføring av elektroniske emneevalueringar. Dei tillitsvalde studentane har lenge ønskt eit betre verktøy for gjennomføring av emneevalueringar med meir einsarta og anonym evalueringsform og betre tilgang til resultat.

Prosjektet har som mål å innføre ei standardisert emneevaluering i Canvas ved bruk av verktøyet CES (tidlegare EvaluationKIT). CES er ei sektorløysing som inneber standardisering og systematisering av emneevalueringar. Verktøyet vil gjere gjennomføring og rapportering enklare og meir føreseieleg for både studentar og fagleg tilsette. Intensjonen er at studentane skal oppleve evalueringane som hensiktsmessige, og at tenesta skal sikre dei anonymitet og lettare tilgang til resultat etter evalueringar. Verktøyet vil vere integrert med læringsplattforma Canvas. På den måten vil alle studentar automatisk få tilgang til evalueringa når ho blir oppretta, saman med annan informasjon i emnet.

Gjennomføring
Verktøyet er sett opp med ti standardspørsmål. Spørsmåla er utforma av eit utval undervisarar, studentar, studieleiarar og studieadministrativt tilsette frå alle fakulteta. Prosjektet har utforma  tilleggsspørsmål om praksis i samarbeid med ei mindre gruppe personar frå fagmiljø med stor del av praksis i utdanningane. Verktøyet oppfyller kravet i kvalitetssystemet om anonym sluttevaluering minst kvar tredje gang eit emne gjennomførast. Verktøyet kan også brukast til undervegsevaluering, til dømes ved å lage eit lite sett med spørsmål som er tilpassa emne som ikkje nærmar seg å vere avslutta.

Etter implementering, har prosjektet drive relativt avgrensa informasjonsarbeid om verktøyet. Dels har det vore grunna i den metodefridomen kvalitetssystemet seier at emneansvarlege har og at prosjektet trengte erfaring med kor stort behov for brukarstøtte innføringa ville utløyse. Emneansvarlege har fått informasjon gjennom kunngjering i Canvas, og prosjektet har publisert nokre nyheitssaker som også har blitt sendt ut i nyheitsbrev. I 2023 presenterte prosjektet løysinga for emneansvarlege/​studieleiarar ved to institutt, på invitasjon frå institutta.

Våren 2023 gjennomførte vi ei evaluering retta mot emneansvarlege som hadde tatt verktøyet i bruk. Med utgangspunkt i tilbakemeldingane, gjorde vi endringar for å betre svarprosent og å gjere verktøyet meir nyttig for emneansvarlege. Dei viktigaste endringane var å varsle studentane fleire stadar i Canvas, og å gjere det mogleg for emneansvarlege å legge til ekstra spørsmål. Vi utforma fire tilleggsspørsmål om praksis for å gjere det enkelt å innhente relevant informasjon i praksisemne.

Hvordan har prosjektet bitt overtatt av linje?
Prosjektplanen set desember 2023 som tidspunkt for overføring til drift. Prosjektet vurderer at overføring til vidare drift kan skje saumlaust ved at oppgåva blir lagt til UTD. UTD vil då kunne vurdere om OsloMet skal inngå ny avtale om bruk frå 2025. Ansvaret bør framleis vere delt mellom AK og DIU, slik at AK har hovudansvar for koplingane mellom verktøyet og kvalitetsarbeidet og DIU har systemansvaret.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *