Geitmyra Læringsmiljø 


Prosjektleder: Synnøve Smebye Botnen, Fakultet for lærerutdanning og internasjonalestudier (LUI)
Prosjektperiode: juni 2020 – september 2023

Bakgrunn
Naturfagseksjonen ved barnehagelærarutdanninga disponerer ein parsell i Geitmyra skulehagar der studentar på forsterkinga 2. året og fordjupinga 3. året (totalt ca. 100 studentar) får erfaring med å dyrke parsellhagen, som eit ledd i undervisning i berekraft. Kvar studentgruppe besøker hagen berre 1 gong i løpet av semesteret, og det har til no vore lite medverknad frå studentane kva som vert dyrka der, og oppmøtet på undervisninga har vore labert. Me ynsker i dette prosjektet å auke engasjementet blant studentane rundt Geitmyra. I tillegg vil me invitere inn alle studentar i barnehagelærarutdanninga (om lag 2000 studentar) til å bruke Geitmyra som læringsmiljø for berekraftig utvikling. Dette vil me gjer ved å nedsette ei ressursgruppe som aktivt arbeider med og rundt parsellen for å skape eit aktivt og studentmedverkande miljø rundt dyrkinga.

Gjennomføring
Me rekrutterte to studentar til å vera med i ressursgruppa i februar 23, og var 3 fast tilsette.
På våren arrangerte me to frøbyttemarknadet på campus, i mars/april. Desse la me til etter undervisning for studentar som tok forsterking i NHB, men markedet var ope for alle. Me inviterte studentar frå andre årskull og studieprogram òg. Me har ikkje eksakt tal, men det var over 50 personar innom begge desse.

Vidare gjennomførte me eit dyrkekurs på Geitmyra i mai, her leigde me inn ein kurshaldar. Ho har utdanning som landskapsarkitekt og har jobba med dyrking og uteområdet i barnehagen. Her hadde me plass til Ca 20 deltakarar. Ressursgruppa, ved studentane, kom med ønske om kva som skulle dyrkast, i tillegg hadde ho med vekster som ho meina eigna seg til bruk i barnehagar. Arrangementet var svært vellukka og deltakarane var nøgde.

I undervisning blei det sett poteter og løk i parsellhagen. Studentane i ressursgruppa ønska i tillegg å dyrka mellom anna grønnkål og purreløk, så dette blei gjennomført.

Me laga òg ein vatneplan for sommaren. Tidlegare har parsellen tørka ut ein del på sommaren, og berre poteter har overlevd. Dette året haldt studentane parsellen i meget god stand over sommaren, og det aller meste overlevde.

Dette førte til vellukka undervisning i fordypningane våre: Play, movement, nature and outdoor (2 klassar med både internasjonale og interne studentar); og Bærekraft og pedagogisk abreid med barn i natur (deltidsstudentar, ein klasse). Her fekk dei både hausta og laga mat dyrka i parsellen av studentar.

I november hadde eine fordjupninga vår samarbeid med eit universitet i Amsterdam finansiert gjennom coil. Me valde då å ha høsttakkefesten når dei internasjonale studentane var på besøk i Oslo. Då kom barnehagelærar Andrea Aalrust Shaw, som no jobbar i sopp- og nyttevekstforbundet og haldt føredrag om korleis ein kan bruke sopp- og nyttevekster i norske barnehagar. Ei av studentane i ressursgruppa skal skrive bacheloroppgåve delvis knytta dette, med hovedfokus på artsmangfaldet.

Erfaringer og videre drift
Studentane i ressursgruppa lærte svært mykje. Parsellen har aldri vore betre haldt, noko som har ført til at undervisninga der har fått endå betre «vilkår» enn før. Me kan ta mykje inn i framtidig undervisningsutvikling. Me ser at aktivitetane me har gjennomført har vore med på engasjere studentane i endå større grad i undervisninga relatert til dette, og fordjupingane har hatt gode klassemiljø i haust (er nok fleire grunnar til).

Framover bør me inkludera erfaringar frå prosjektet inn i undervisninga, og integrere det i større grad der. Og halde parsellen ved like.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *