Ein heilt alminneleg koronatorsdag. Heile dagen framfor Zoom skjermen i ulike møter som alle har som mål å endre noko til det betre. Det er lett å bli desillusjonert i desse dager; mykje prat, mykje skjerm, men like handling. Og endå mindre endring til det betre.
Skilnaden denne gongen var dedikerte og engasjerte OsloMet!
Eg er styreleiar i Norsk forening for klinisk sexologi, NFKS. I vårt arbeid møter vi mange som vil jobbe sexologisk og personer som treng sexologisk hjelp. Det vi ikkje møter så mykje av, er utdanningsinstitusjoner som møter ynskjet vårt om å tilby kompetanse. Gerd Hilde Lunde og Kristina Areskoug Josefsson presenterte i dag planene for sju nye digitale kurs som samla gir 80 studiepoeng i sexologi spreidde på fleire ulike, relevante temaer som NFKS erfarer er svært etterspurde.
Koronatorsdagen vart brått meir inspirerande og vonefull – trass i Zoom og korona.
—
Beste helsing
Tore Holte Follestad
Assisterande dagleg leiar Sex og samfunn
Spesialist Sexologisk rådgiving – NACS